Elias Berdal var ein norsk forsikringsdirektør.
Han avla eksamen artium i 1902, eksamen ved Elverum lærarskule i 1905, var deretter lærar og forsikringsagent. Underdirektør i forsikringsselskapet Andvake frå 1917, direktør i 1919–1954 og styremedlem til 1964. I Andvake la Berdal ned ein betydeleg innsats for bruk av nynorsk i næringslivet.
Styreformann Det Norske Teatret i 1920–1923, formann i Norsk Måldyrkingslag i 1950–57, rådsmedlem i Norsk Allkunnebok i 1945–1966. I åra 1939–1942 var Berdal direksjonsmedlem i Noregs Bank.
For det langvarige samarbeidet sitt med Island vart Berdal utnemnt til Ridder av Islands Falkeordenen.
Kommentarer (3)
skrev Sverre Olav Lundal
Kan Berdal ha hamna i feil kategori? Biografier i norsk i norsk nøringslivshistorie høver betre.
skrev Tove Bull
Eg gissar at Berdal er hamna der han har hamna fordi det er Ottar Grepstd som har skrive om han. Det er altså MÅLMANNEN Berdal som har gjort utslaget her. Eg synest nok likevel at næringslivshistorie høver betre.
Helsing
Tove

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.
Du må være logget inn for å kommentere.