Faktaboks

Elias Jakob Berge
Fødd
3. januar 1922, Herøy på Sunnmøre
Død
25. juni 1998, Jeløy i Moss
Verke
Prest og organisasjonsmann
Familie

Foreldre: Notbas Gabriel Andreas Berge (1884–1941) og Leonora Eggesbø (1884–1963).

Gift 1951 med sykepleier Marie Margrete Tjøstheim (14.8.1922–), datter av gartner Bertel Tjøstheim (1888–1972) og hustru Martha Serine (1889–1964).

Elias Jakob Berge var teolog og generalsekretær i Kirkens Nødhjelp. Berge var notbasen frå Sunnmøre som vart prest og ein viktig pioner i norsk nødhjelpsarbeid.

Etter folkeskulen byrja han som fiskar og vart notbas på eiga skøyte. Men etter ei omvendingsoppleving i krigsåra bestemte han seg for å verte prest og tok cand.theol.-eksamen ved Menighetsfakultetet i 1952. Han byrja som sekretær i Indremisjonsselskapet, og etter to år vart han hjelpeprest i Ål i Hallingdal. I 1961 bar det til Sao Paulo i Brasil som prest i den skandinaviske kyrkjelyden der.

I 1966 vende Berge attende til Noreg og vart generalsekretær i Kirkens Nødhjelp. Berge medverka til å vitalisere organisasjonen, som i hans tid opplevde ein sterk ekspansjon. Frå 1966 til 1969 auka gåveinntektene frå 3 til 18 millionar kroner. Elias Berge vart særleg kjend for innsatsen under Biafra-krisa i slutten av 1960-åra. Han stod fram i fjernsynet med sterke appellar om hjelp, og det vart sett i gang innsamlingsaksjonar over heile landet. Biafra-krigen vart det store gjennombrotet for Kirkens Nødhjelp. Men Berge måtte òg tole kritikk for ein til dels ukonvensjonell arbeidsstil. I 1973 gav han seg som generalsekretær.

Han gjekk attende til prestetenesta og vart sokneprest i Sofienberg i Oslo i 1973. Frå 1979 og til han gjekk av med pensjon i 1988, var han sokneprest i Jeløy. Som pensjonist var han fritidsfiskar med eigen sjark. For den store innsatsen i nødhjelpsarbeidet vart Elias Berge utnemnd til riddar av St. Olavs Orden i 1974.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Finstad, H. Chr.: Hvite fly i natten, 1969.
  • Kirkens Nødhjelp (utg.): Utfordringer ved Kirkens Nødhjelps 40 års merke, 1987.
  • Tønnessen, Aud V.: Kirkens nødhjelp: bistand, tro og politik, 2007
  • Prester i Den norske kirke og andre teologiske kandidater. Den norske kirkes presteforening, Oslo 1990

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg