Elianne

Artikkelstart

Elianne er eit kvinnenamn som kan vere ei samanskriving av dobbeltnamnet Eli Anne, men -anne kan også vere lagt til Eli som suffiks på same måte som -anne er suffiks i til dømes Oleanne (oppkalling etter Ole).

Namnet har fleire variantar: Elianne, Eliana, Eliane, Elianna.

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 50 kvinner (fødde i Noreg) som hadde Elianne som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg