Eli Sollied Øveraas

Faktaboks

Eli Sollied Øveraas
Født
15. august 1949, Ørskog, Møre og Romsdal
Død
15. november 2020, Vestnes, Møre og Romsdal
Eli Sollied Øveraas i 2005.
Av /NTB.

Artikkelstart

Eli Sollied Øveraas var lærar og politikar. Ho var stortingsrepresentant for Senterpartiet (Sp) frå Møre og Romsdal i tre periodar mellom 1993 og 2009.

Bakgrunn

Eli Sollied Øveraas var fødd i Ørskog i Møre og Romsdal. Ho fullførte realskulen i 1966 og tok sidan ulike kurs innanfor skule og undervisning. Ho var konstituert lærar på Svorta skule i Ørskog i 1971–1974 og arbeidde som vikarlærar i Vestnes kommune i 1974–1993.

Politisk karriere

Øveraas hadde fleire verv i Senterpartiet. Ho var leiar av Møre og Romsdal Senterparti i 1998–2000, gruppeleiar for partiet i kommunestyret i Vestnes i 1999–2001 og gruppeleiar på fylkestinget i Møre og Romsdal frå 1999 til 2003.

Øveraas vart vald inn i kommunestyret i Vestnes i 1987. Ho var formannskapsmedlem i 1991–1995, og seinare i 1999–2001. Ho var medlem av fylkesutvalet i Møre og Romsdal frå 1999 til 2003 og nestleiar i samferdselsutvalet i same fylket i 1999–2001.

Øveraas vart vald inn som stortingsrepresentant for Senterpartiet frå Møre og Romsdal første gongen ved stortingsvalet i 1993. Ho vart samstundes sekretær i familie-, kultur- og administrasjonskomiteen på Stortinget. Ho vart vald inn att på Stortinget i 2001 og vart då igjen medlem av den same komiteen. I 2005 vart ho igjen vald inn på Stortinget, og vart då medlem av transport- og kommunikasjonskomiteen.

Øveraas var samferdselspolitisk talsperson for Senterpartiet i den siste perioden då partiet hennar sat i regjering. Ho kritiserte fleire gongar regjeringa Stoltenberg II i media og var særleg oppteken av at løyvingane til vegar ikkje skulle kuttast.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg