Ekstroversjon er eitt av dei fem sentrale personlegdomstrekka i femfaktormodellen innan trekkpsykologien. Det er også eit trekk i Eysencks trekkpsykologiske trefaktormodell.

Ekstroversjon måler grad av sosiabilitet eller sosial orientering, altså grad av om ein trivst i, får energi av og gjerne oppsøkjer sosiale samanhengar, er selskapeleg, pratsam og hevdar seg sosialt. Dette trekket måler vidare grad av positive kjensler, varme og interesse for samvær med andre, samtidig som sosial dominans/sjølvhevding også er ein del av trekket.

Underliggjande fasettar

Personlegdomstesten NEO-PI-R måler både grad av ekstroversjon, og målar dei seks underliggjande fasettane til trekket. Desse er:

  • Aktivitet: Raskt tempo blir føretrekt, har eit høgt energinivå, er produktiv.
  • Positive kjensler: Glad, optimistisk, lett for å le, ikkje kjenslemessig avflata.
  • Sjølvmarkering: Sjølvhevdande åtferd, sosialt dominant, tek leiaroppgåver.
  • Sosiabilitet: Sosial, pratsam, selskapeleg, og held ikkje folk på avstand.
  • Spenningssøking: Oppsøkjer spenning og stimulering, liker støyande og fargerike omgivnader.
  • Varme: Likande, er varm og medfølande, vennleg og uformell og ikkje kritisk og skeptisk.

Den samla ekstroversjonsskåren er derfor ei oppsummering av enkeltskårane på desse seks ulike men samvarierende fasettane. Dei som er høge på ekstroversjon har altså mykje av det som er beskrive over, medan dei som er låge på ekstroversjon har lite av det som blir beskrive over — men det er mogleg at nokre fasettar er høge og andre lågare.

Personlegdomstrekk og personlegdomstype

Det er viktig å kunne skilje mellom personlegdomstrekket ekstroversjon og personlegdomstypen ekstrovert.

Personlegdomstrekket blir målt som ei grad av ekstroversjon frå låg til høg. Dei fleste er ein stad midt på skalaen, og dei færraste er veldig høge eller veldig låge på trekket. Ein kan gjerne omtale den låge skalaen som introversjon. Sånn sett strekkjer trekket seg som ein dimensjon mellom ytterpunkta introversjon og ekstroversjon.

Introvert og ekstrovert som personlegdomstypar er samtidig ikkje gode skildringar av andre enn dei som er veldig høge eller veldig låge på trekket.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Costa, Jr., P. T., & McCrea, R. R. (1995). Domains and Facets: Hierarchical Personality Assessment Using the Revised NEO Personality Inventory. Journal of Personality Assessment, 64(1), 21-50.
  • Langvik, E., og Martinsen, Ø. L. (2015). En trekkteoretisk tilnærming til personlighet. I Kennair, L. E. O. og R. Hagen, Red. Personlighetspsykologi. Bergen, Fagbokforlaget.

Kommentarar (2)

skreiv Trym Herre

Hei, heter det ikke ekstraversjon?

skreiv Line Marie Berteussen

Takk for spørsmål, men, nei, det gjør det ikke. Ekstro- og ekstra- er begge latinske forstavelser som betyr det samme, utenfor, utenfra, og det er ikke, så vidt jeg har greid å finne ut av, klart system i når den ene eller den andre brukes, men når det gjelder personlighetstrekket beskrevet her skrives det ekstroversjon. Et enkelt nettsøk viser ekstraversjon som noe som brukes om CD-plater som kommer ut i ekstra-utgaver.
Gode hilsener fra Line M. Berteussen, Medisinsk redaktør i Store norske leksikon

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg