Eivor Vindenes

Faktaboks

Eivor Vindenes
Født
16. februar 1971, Vinnes, Vestland

Artikkelstart

Eivor Vindenes er forfattar, redaktør og musikar. Ho skriv bøker for barn og legg vekt på leik, livleg fantasi og finurleg humor.

Bakgrunn

Eivor Vindenes er fødd på Vinnes i Hordaland (no Vestland). Ho har gjennomført forfattarstudiet til Norsk barnebokinstitutt (2007–2009) og har vore teikneserieredaktør for Jippi Forlag, der ho mellom anna skreiv historier for teikneseriebladet «Forresten». Ho har òg vore vokalist i bandet The Ethnobabes, og medlem av musikkollektivet som står bak plateselskapet Perfect Pop Records. Vindenes har arbeidd for Schibsted Forlag og som frilansar innanfor litteraturfeltet. Ho har òg vore rådgivar hos «Leser søker bok», der ho utvikla bøker i samarbeid med forfattarar, illustratørar og forleggjarar.

Forfattarskapen

Vindenes skriv barnebøker, men treffer òg eit breitt publikum med eit humoristisk og fengjande innhald. Forteljingane hennar er jordnære og enkle, medan karakterane gjerne er litt utanom det vanlege og representerer alle aldrar, yrke og livssituasjonar. Fellesskap er eit viktig tema, anten handlinga går føre seg i ein by eller ute i naturen. Språket er lett og tilgjengeleg, lunt og leikande.

Vindenes debuterte i 2009 med Alt kan reparerast. Ei slags julehistorie. Historia krinsar rundt dei fargerike bebuarane i ein bygard, og deira særtrekk og utfordringar. Det lid mot jul, og for somme dukkar det opp uventa og vanskelege problemstillingar, som snur livet og julefeiringa på hovudet. Den hemmelege vegen til månen (2010) er forteljinga om Knut som kjenner seg einsam i sommarferien. Men eit nytt venskap, i samspel med fantasi og eventyrlyst, opnar opp ei spennande verd. Boka tematiserer venskap og det ein kan vinne på å våge noko nytt. Biletboka K. Mustermann (2014) er eit samarbeidsprosjekt med kunstnaren Øivin Horvei, der Vindenes har skrive rammeforteljinga. Boka er ei original og morosam portrettforteljing, som presenterer bebuarane i ein bygard.

Utmerkingar

I 2010 fekk Vindenes Guro Sandsdalens litteraturpris for Alt kan reparerast. Ei slags julehistorie.

Bibliografi

  • K. Mustermann (Billedbok, Magikon, 2014)
  • Den hemmelege vegen til månen (Barnebok, Samlaget, 2010)
  • Alt kan reparerast (Barnebok, Samlaget, 2009)

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg