Faktaboks

Eivind Vågslid
Fødd
23. september 1897, Vinje, Vestfold og Telemark
Død
21. august 1986, Eidsvoll, Viken

Eivind Vågslid var filolog. Berre 29 år gamal fekk han H.M. Kongens gullmedalje for granskingane sine av norske mellomalderbrev.

Bakgrunn

Eivind Vågslid var fødd i Vinje i Telemark og døydde på Eidsvoll. Trass i at han var odelsgut, valde han filologien framfor gardsbruket. Som lektor underviste han storparten av yrkeskarrieren ved Eidsvoll landsgymnas, frå 1934 til 1961. Ein periode underviste han òg ved Universitetet i Oslo.

Allereie før han hadde fullført utdanninga si, utmerkte han seg som forskar. Norske logmannsbrev frå millomalderen, skrifthistorisk utgreiing vart trykt i 1930 på grunnlag av gullmedaljearbeidet.

Namneforskinga

Vågslid heldt eit hardt oppgjer med den rådande læra om at mange gamle gardsnamn skulle vere laga av heidenske gudenamn. Denne feilslutninga skuldast etter Vågslid si meining ei nasjonalromantisk oppfatning som hadde byrja med historikaren P.A. Munch på midten av 1800-talet, og som vart teken opp av stadnamngranskarane etter han. Vågslid hadde altså inga tru på at det var gamle gudenamn ein fann i mange stadnamn kring i landet, han hadde ei meir praktisk tilnærming. Han meinte at namnet kom først, gudedyrkinga eventuelt etterpå.

Etter hans syn var namnet laga av naturtilhøve og eigenskapar i lendet. Det var viktigast om folk kunne bu og livberge seg på staden, om jorda var dyrkande, om det var godt fiske osv. Litt enkelt kan ein seie det slik at Vågslid meinte at bøndene slett ikkje kalla opp gardane sine etter gamle gudar, men etter former i naturen. Stadnamna har såleis etter Vågslid si argumentering eit ikkje-mytologisk opphav.

I 1978 ønskte Vågslid å disputere til doktorgraden på dette temaet ved Universitetet i Oslo. Avhandlinga til doktorgradsarbeidet var gitt ut nokre år tidlegare som ei bok med tittelen Stadnamntydingar II (1974). Den sakkunnige komiteen avviste framlegget med den grunngivinga at arbeidet ikkje oppfylte dei krava som måtte setjast til ei slik avhandling. Det er ei avgjerd som seinare har vore omdiskutert. Vågslid kom med omfattande motsvar i bokform både i 1979 og 1984, utan å vinne fram. Han gav ut i alt fem bøker om stadnamntydingar, i tillegg til mange artiklar om emnet.

Sentrale publikasjonar og arbeid

I 1930 gav Vågslid ut Norsk navnebok. Døypenovn med tydingar, som vart høgt verdsett og omtykt, og boka vart nytta både av prestar og vanlege folk. Då han døydde, hadde han ferdig eit manuskript til ei ny namnebok, denne gongen ei samling av berre norrøne namn, jamført i Noreg, Sverige, Island og Færøyane. Boka, Norderlendske fyrenamn, kom ut i 1988. I 1969 kom boka Vestfoldmål 1366–99 i 30 brev av bisp Øystein Aslakson i Oslo, som òg inneheld ei rekkje namnetydingar.

I åra 1936–1938 gav Eivind Vågslid ut tidsskriftet Norsk måltidende, som han sende ut for eigen kostnad i tre band. Dei til saman 29 artiklane i dei tre banda er alle skrivne av han, og innhaldet krinsar om rettskrivingsspørsmål, målodling og gamalnorske emne.

64 år gamal søkte Vågslid om avskil frå lektorgjerninga, slik at han kunne få tid til å konsentrere seg heilt og fullt om den store oppgåva si, nemleg tolking av norske stadnamn. I Norsk Allkunnebok 1–10 (1948–1966) ber 4900 namnetolkingar signaturen «E.V.», av desse gjeld 4200 stadnamn – norske og utanlandske – og 700 døypenamn.

Etter at han var død, kom det ut eit nytt stort granskingsarbeid om brev og dokument frå mellomalderen, skrivne av og om nordmenn – Norske skrivarar i millomalderen (1989).

Utmerkingar

Vågslid vart tildelt H.M. Kongens gullmedalje for granskingane sine av norske mellomalderbrev.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Nes, Oddvar: «Eivind Vågslids verksemd og verk», i Eivind Vågslid: Norderlendske fyrenamn. Eidsvoll 1988
  • Økland, Einar: «Samtale med Eivind Vågslid», Basar nr. 4/1978, attgitt i essaysamlinga Einar Økland: Nå igjen. Artiklar, kommentarar, innlegg, intervju o.a. Oslo 1982

Faktaboks

Eivind Vågslid
Historisk befolkingsregister-ID
pf01037183001719

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg