Eirik Vandvik

Faktaboks

Eirik Vandvik
Født
16. oktober 1904, Suldal, Rogaland
Død
19. september 1953, Oslo

Artikkelstart

Eirik Vandvik var professor i mellomalderlitteratur, filolog og omsetjar. I tillegg til det akademiske arbeidet med latinsk grammatikk gjorde han ein stor innsats i formidlinga av gresk litteratur og åndsliv på nynorsk.

Bakgrunn

Eirik Vandvik var fødd i Suldal kommune i Rogaland. Han tok examen artium ved Volda off. landsgymnas i 1923. I 1934 tok han embetseksamen med latin hovudfag og gresk og tysk bifag ved Universitetet i Oslo. Han tok doktorgraden same staden med avhandlinga Rhytmus und Metrum. Akzent und Iktus, og blei dr.philos. i 1938.

Vandvik var tidleg yrkesaktiv. Alt medan han studerte, mellom 1923 og 1932, var han lærar i folkeskulen på Jelsa, lektorvikar ved Sand middelskule, Eidsvoll off. landsgymnas og Rogaland off. landsgymnas på Bryne. Etter fullført embetseksamen var han tilsett i ulike stillingar ved Universitetet i Oslo, før han i 1936 fekk eit stipendiat i klassisk filologi same staden. Seinare var han professorvikar i klassisk filologi og mellomalderlitteratur. Han tok eit pauseår frå universitetet i 1946–1947 og var då lærar ved Nansenskulen i Lillehammer. I 1949 blei han professor i mellomalderlitteratur ved Universitetet i Oslo. I det siste leveåret var han òg gjesteprofessor ved Yale University i USA.

I 1949 sat Vandvik, som ein av tre nynorskbrukarar, i eit utval som utarbeidde vedtektene for Norsk språknemnd (i dag Språkrådet), og frå 1939 til 1946 var han skrivar i Det Norske Samlaget. Han var elles aktivt med i kultur- og samfunnsdebatten og engasjerte seg i målsaka, både som skribent og som føredragshaldar.

Forfattarskapen

Vandvik omsette fleire verk frå gresk og latin. Han gav dei ei stilsikker og særeiga nynorsk språkdrakt som låg nær dialekten hans. Det første bandet med greske tragediar, som inneheld Aiskylos sin trilogi Orestien, kom i 1948. Det andre, med Persarane av Aiskylos og Antigone og Kong Oidipus av Sofokles, kom i 1954. At han omsette Homers storverk Iliaden (1951) i heilskap, må reknast som ei storbragd.

I tillegg skreiv han populære bøker om gresk litteratur og kultur, til dømes Far etter menneske. Glimt av gresk ånd, som kom i 1945. Etter han var død, blei òg Blant gudar på Olymp (1956) og Vardar på vegen (1974) utgitt. Som ung student tok Vandvik over og ferdigstilte Asgaut Steinnes sitt arbeid med Latinsk ordbok, som blei utgitt først i 1958.

Prisar og heider

Alt før han tok embetseksamen fekk Vandvik Kongens gullmedalje (1933) for ei oppgåve om latinsk genitiv og ablativ. I 1946 delte han Melsomprisen med Tarjei Vesaas. Han blei medlem av Det Norske Videnskaps-Akademi i 1950, og i 1952 blei han teken opp i Den norske Forfatterforening. Posthumt fekk han Sunnmørsprisen i 1956.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg