Einride

Artikkelstart

Einride er eit mannsnamn som går tilbake til det norrøne Ein-ríði. Forleddet Ein- tyder ‘aleine, eineståande, mens etterleddet -riði er avleidd av verbet ríða (‘ride’) eller ráða (‘råde’) i norrønt. Namnet kan som heilskap ha hatt ei meiningsfull tyding: ‘han som rir aleine’ eller ‘han som rår aleine’.

Namnet har fleire variantar: Einride, Eindride.

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 50 menn (fødde i Noreg) som hadde Einride som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Av dei som heitte Einride i perioden 1900–2017, var det 61 prosent som hadde dette namnet som det andre førenamnet, til dømes Tor Einride. Dette inneber at 39 prosent hadde Einride som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Elmevik, Lennart 1982: Fisl. einherjar ‘krigare i Valhall’ och några andra fornord. sammansättningar med ein-. [Saga och Sed].[/li][li]
  • Janzén, Assar 1947: De fornvästnordiska personnamnen. [Nordisk kultur 7].

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg