Einride Tveito var ein av dei nynorske forfattarane som skreiv for teateret. Ran (1920) slo godt an bade hos publikum og kritikarane.

Bakgrunn

Tveito var fødd i Aure. Familien flytte seinare tilbake til slektsgarden i Ulvik. Tveito utdanna seg til lærar og arbeidde på Jæren og i Stavanger.

Forfattarskap

Han debuterte med romanen Bygdespelaren i 1907, og det første dramaet, Andsvar, kom i 1916. Det handlar om ein ung mann som rømmer når han blir far. Stykket vart oppført same år, og det same vart Mikaelskyrkja (1917), Ættargarden (1918) og Ran (1920).

Det siste slo godt an bade hos publikum og kritikarane. Det handlar om ei jente som gifter seg med ein gammal, rik mann for pengane, men som etter kvart misser bade pengane og kjærasten som skulle vente på henne. Stykka til Tveito har gjerne ein kjærleiksproblematikk som ≪motor≫, i kombinasjon med slektsproblematikk, attekjensle og moralske spørsmål.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg