Faktaboks

Einar kongsmåg
også kalla Einar prest
Død
1205
Verke
Syslemann og sveithøvding
Familie

Foreldra er ikkje kjende.

Gift med Cecilia, dotter til kong Sverre Sigurdsson (ca. 1150–1202).

Einar kongsmåg var ein norsk birkebeinarhøvding og prest. Med sine militær-strategiske og administrative evner, og sin geistlege bakgrunn, tente han lojalt under fire birkebeinarkongar i Sverre-ætta som militær befalingsmann og sivil administrator i åra kring 1200.

Den stutte versjonen av Bǫglunga sǫgur kallar Einar ein «stor høvding». Einar kongsmåg var gift med kong Sverre si dotter Cecilia, og var ein av Sverre sin djervaste og mest trufaste menn.

Under dei harde konfrontasjonane mellom baglar og birkebeinar etter kong Sverres død, då regentskifta også var hyppige, må Einar kongsmåg sine erfaringa og handlingsevne ha vore ein betydeleg ressurs for birkebeinarkongane. Han blei drepen av baglarane i Stavanger.

Syslemann i Rogaland

Einar trer fram i kjeldematerialet mot slutten av kong Sverre si regjeringstid. I desember 1201 var Einar ein av leiarane i det vellykka åtaket mot baglarhæren i Lusakaupang i Sogn. Etter at svogeren Håkon Sverresson var tatt til konge på Øyratinget våren 1202, vart syslene refordelte. Det var truleg då Einar vart syslemann i Rogaland, med sete i Stavanger. Det var eit viktig administrasjonsdistrikt med store inntekter, og utnemninga syner at Einar må ha hatt ein sentral posisjon i den indre krinsen til kongen.

Den stutte versjonen av Bǫglunga sǫgur understrekar også at det var nær vennskap mellom svograne Håkon Sverresson og Einar kongsmåg. Like etter konungstekja på Øyratinget var Einar med som sveithøvding i den flokken som drog sørover mot baglarane. Det kom til kamp ved Stavanger, som enda med at baglarhæren vart driven bort frå Rogaland.

Fostefar for birkebeinarkongen

Etter at Håkon Sverresson døydde første nyttårsdag 1204, vart Guttorm Sigurdsson, son av kong Sverre sin eldste son, ny birkebeinarkonge, berre fire år gammal. Det vart bestemt at Einar og kongsfrenden Peter Støype skulle ha ansvaret for fostring og tilsyn med barnekongen, medan den nyutnemnde jarlen Håkon Galen fekk den politisk-militære leiarskapen. Som fosterfedre hadde Einar og Peter truleg også privat verjemål for kongsbarnet. Dei må derfor ha vore med i den stormannskrinsen som førte regjeringa, og i realiteten også ha vore med i formyndarstyret. Kong Guttorm døydde alt i august 1204.

Drapet på Einar kongsmåg

Einar må deretter ha vendt tilbake til syslemannsgjerninga i Stavanger. Etter å ha reist kring i Rogaland og kravt inn leidangskost, vart han i april 1205 overrumpla av ein baglarhær medan han heldt forliksstemne i Stavanger. Saman med mennene sine søkte han tilflukt i Svithunskyrkja. Etter å ha fått grid svor han i koret i kyrkja – på St. Svithuns skrin – at han aldri meir skulle kjempe mot baglarkongen Erling Steinvegg. Han vart likevel hoggen ned då baglarane førte han ut av kyrkja.

Ifølgje den lengre og birkebeinarvennlege versjonen av Bǫglunga sǫgur møtte han døden som ein ekte sagahelt, med spottord på leppene: «Ureint er baglargridet». Etter ein eldre tradisjon i Stavanger var den kjende runekrossen, som tidlegare stod ved innfartsvegen til byen, reist til minne om drapet på Einar kongsmåg. Det er no stadfesta at steinen er frå 1000-talet, og truleg reist over Erling Skjalgsson.

Eit brev frå pave Innocens 3 til erkebiskop Tore i Nidaros (mars 1206) innskjerpar reaksjonsmåten mot prestar som deltar i krig, og mot personar som drep slike prestar. (Canones Nidrosiensis frå ca. 1170 sette strenge forbod mot at geistlege greip til våpen.) Den aktuelle norske bakgrunnen for brevet er truleg Einar prest sine militære aktivitetar, og drapet ved St. Svithuns kyrkje.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Isl.Ann.
  • Sverris saga, utg. av G. Indrebø, 1920
  • Soga om birkebeinar og baglar, utg. av H. Magerøy, 1988
  • NFH, del 3, 1857
  • A. W. Brøgger: Stavangers historie i middelalderen, Stavanger 1915
  • E. Bull: biografi i Norsk biografisk leksikon 1, bd. 3, 1926
  • K. Helle: Omkring Bǫglunga sǫgur, Bergen 1958
  • K. Helle: Konge og gode menn i norsk riksstyring ca. 1150–1319, Oslo 1972
  • K. Helle: Stavanger fra våg til by,Stavanger 1975

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg