Einar Olav Larsen

Faktaboks

Einar Olav Larsen
Født
9. mai 1979, Verdal, Trøndelag
Av .

Artikkelstart

Einar Olav Larsen er folkemusikar og felespelar frå Verdal som vidarefører slåttespeltradisjonen etter Hilmar Alexandersen.

Bakgrunn

Einar Olav Larsen er fødd i Verdal i Nord-Trøndelag (no Trøndelag). Han har gått musikklinja på Inderøy vidaregåande skule (1995–1998) og spelemannsskulen Ole Bull Akademiet (1998–2000). Larsen fekk mykje av si musikalske opplæring i slåttspelmiljøet heime i Innherred, og då særleg saman med felespelaren og komponisten Hilmar Alexandersen frå Steinkjer.

Musikkarrieren

Larsen er ein allsidig felespelar. Han spelar både gamaldansmusikk og slåttemusikk, og saman med broren Gjermund Larsen spelar han folkemusikk som leikar med andre musikalske sjangrar, mellom anna klassisk musikk og barokkmusikk.

Larsen har vore medlem i den finsk-norske folkemusikkgruppa Frigg (1999–2011), og han spelar i gamaldansorkesteret P.A. Røstads orkester (frå 1993), Einar Olav Larsen Trio (frå 2006) og To damer, To Herrer (frå 2012). Han har vore med på ei rekkje albuminnspelingar, til dømes Søttenpasningen saman med broren, Gjermund Larsen (2004), Fjellfiolen saman med P.A. Røstads orkester (2011) og Trønderbarokk saman med Gjermund Larsen og Trondheimssolistene (2014).

Utmerkingar

Larsen vann soloklassa under Landsfestivalen i gamaldansmusikk i 1998, og under Landskappleiken har han vunne B-klassa (1999 og 2000), og i gruppespel saman med broren, Gjermund Larsen (2000, 2001, 2002). Larsen vart den yngste i historia som vann A-klassa i Landskappleiken i 2002. I 2004 fekk Larsen Osa-prisen, han var vinnar av klassa «Årets nykomar» under Folkelarm i 2005, fekk Folkelarmprisen for plata Fjellfiolen i 2011 og Hilmar Alexandersens musikkpris same året.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg