Einar Arne

Faktaboks

Einar Arne
Født
11. desember 1898, Ytre Arna i Bergen, Vestland
Død
1969, Flekkefjord, Agder

Artikkelstart

Einar Arne var folkehøgskulelærar og -styrar. Han var ein sentral person i ungdoms- og fråhaldsarbeidet midt på 1900-talet.

Arne var fødd i Ytre Arna i Bergen. Han tok utdanning ved lærarskulen på Stord i 1921 og tok så fatt på eit livslangt yrke som folkehøgskulelærar. Etter eitt år ved Øystre Slidre framhaldsskule og fire år ved Ytre Sogn folkehøgskule vart Arne i 1926 tilsett ved den frilyndte Møre folkehøgskule i Ørsta, der han var styrar frå 1927 til 1958.

Arne var ein framståande person i den store motkulturrørsla i mellomkrigstida, der norskdom, fråhald og ungdomslagsarbeid var merkesaker. Særleg fråhaldssaka engasjerte Arne. Han sat ei tid som nestleiar for Det norske totalavholdsselskap og gav ut fleire skrifter om fråhald, mellom anna Praktisk fråhaldsarbeid (1943). I kring 20 år var han også redaktør for Ungdomsvon, bladet til Sunnmøre frilynde Ungdomssamlag.

Arne var gift med Solveig Seland, eine dottera til forfattaren Hans Seland. Då Arne slutta som styrar ved Møre folkehøgskule, flytta han og kona til Seland ved Flekkefjord, der Solveig kom frå, og her vart dei buande resten av levetida si. Dei siste åra sysla Arne med historie. Han skreiv boka Norsk folkehøgskule i 100 år. 1864–1964 (1964), og han biograferte svigerfar sin i Hans Seland. Diktaren og mennesket (1966).

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg