Eiken kirke.
Eiken kirke.

Eiken er eit sokn og tidlegare kommune i Hægebostad kommune i Agder, i den øvste delen av Lyngdalen, omkring vatnet Lygne.

Eika kommune vart oppretta i 1916 ved utskiljing frå Hægebostad, og vart i 1963 gjenforeint med denne.

Soknet er prega av industri og jordbruk og har mykje turisttrafikk.

Eika kyrkje er ei krossforma trekyrkje frå 1817. På kyrkjegarden er det minnesmerke over Pål Eiken som fall under andre verdskrigen. Der er òg fleire allierte flygarar som døydde på oppdrag i området gravlagt.

Sørlandets Rehabiliteringssenter Eiken, er eigd av Nasjonalforeininga for folkehelsa og har driftsavtale med Helse sør-aust RHF.

Kart

Eiken
Eiken
Av /Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg