Artikkelstart
Eikelandsosen kraftverk er eit vasskraftverk i Bjørnafjorden kommune, Vestland fylke. Kraftverket ligg i Kvanndalsvassdraget.
Magasin og inntak for kraftverket er Botnavatnet (506-482 meter over havet). Eit bekkeinntak som samstundes fungerer som svingesjakt er teki inn i nedre delen av driftstunnelen. Kraftverket ligg i fjell med ein tikomsttunnel på 1100 meter. Fallhøgda på om lag 500 meter vert utnytta i ein francisturbin; installert effekt er 30 MW og middel årsproduksjon 95 GWh.
Eikelandsosen kraftverk vart sett i drift i 1986. Eigar er Sunnhordland kraftlag.
Kommentarer
Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.
Du må være logget inn for å kommentere.