Faktaboks

Etymologi
av norrønt eiki, ‘eikeskog’
Innbyggjartal
439 (SSB, 2023)
Landareal
0,4 km²
Tettstadsnummer
5503 Eikefjord

Eikefjord er ein tettstad i Kinn kommune i Vestland. Tettstaden er ifølgje SSBs definisjon 0,4 km², og har 439 innbyggjarar (2023).

Eikefjord er eit område omkring Eikefjorden aust for Florø i Kinn kommune. I 2020 vart Eikefjord del av Kinn kommune i samband med kommunereforma.

Eikefjorden er ei fortsetjing av Vassreset og Solheimsfjorden og strekkjer seg først aust og så søraustover 16 kilometer inn til tettstaden Eikefjord i fjordbotnen. Riksveg 5 går langs nordsida av fjorden mellom Eikefjord og Florø. I søraust ligg grendene Orehola og Sunnarvik. Eikefjord kyrkje er ei korskyrkje i tre, som vart bygd i 1812 og ombygd i 1874.

Eikefjord var tidlegare eigen kommune og sokn med eit areal på 145 kvadratkilometer. Den tidlegare kommunen vart i sin heilskap overført til Flora kommune i 1964. Soknet Eikefjord vart frå same tidspunkt tillagd delar av dei tidlegare kommunane Vevring og Bru, i det vesentlege områda ved Oselvas nedre løp.

Kart

Eikefjord
Eikefjord
Av /Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg