Eigill er eit mannsnamn. Det er ein stavevariant av Eigil som går tilbake til det norrøne Egill. Namnet, som er relatert til ordet age, kan tyde ‘respekt’ (jamfør age) og ‘(sverd)egg’.

Norrønt har ikkje diftongen [ei] i dette namnet, og [ei] er tatt i bruk på eit seinare tidspunkt, kanskje etter mønster av namneparet Eirik – Erik.

Namnet har fleire variantar: Egil, Egill, Eiel, Eigil, Eigill.

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 30 menn (fødde i Noreg) som hadde Eigill som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg