Eigil Steinsfjord

Faktaboks

Eigil Steinsfjord
Født
17. mai 1945, Oslo
Død
14. oktober 2017
Eigil Steinsfjord
Av .

Artikkelstart

Eigil Steinsfjord var lektor og forfattar, og han våga å ta opp vanskelege tema som skuld, skam og samlivsproblem.

Bakgrunn

Eigil Steinsfjord var fødd i Oslo. Steinsfjord var utdanna lektor, med hovudfag i nordisk språk og litteratur, og var først lærar ved Valdres folkehøgskule. Det meste av yrkeslivet var han lektor ved Valdres gymnas, seinare Valdres vidaregåande skule.

Steinsfjord var svært interessert i litteratur, skodespel og musikk, og i litteraturformidling. I tillegg til å vere norsklærar heldt han litterære foredrag i ulike samanhengar. Dei siste åra han levde, arbeidde han i Kirkens Bymisjon i Oslo ei veke i månaden. Han var styremedlem i Nord-Aurdal Mållag i fleire periodar.

Forfattarskapen

Steinsfjord debuterte i 1998 med Satan stemmer sin bassgitar og gav ut fem romanar og to novellesamlingar, dei tre siste bøkene på Snøfugl forlag. Den siste romanen, Kjærleik i aldrings år, kom ut posthumt hausten 2017. Han skreiv òg sju skodespel, og dessutan kronikkar og artiklar i avisa Valdres, i Årbok for Valdres og i Vårt Land. Steinsfjord skreiv om vanskelege emne som skuld og skam, tru og mental helse, samliv og seksuell legning. Ein tanke som ofte går att, er om ein skal våge å tru på det gode i tilværet. Samtidig er det mykje humor i tekstane hans. Bøkene hans er skrivne dels på nynorsk, dels på bokmål.

Utmerkingar

I 2004 fekk han Oppland fylkeskommunes kunstnarstipend. I 2014 vann han kronikk-konkurransen til avisa Valdres og Nord-Aurdal Mållag.

Bibliografi

  • Beate, hører du meg? Drama Black Box 1987
  • Foreldretanker i foreldretakter. Drama Fagernes 1987
  • Velkommen. Drama med Namaa Alward 1991
  • Khomeinis menn er overalt. Skodespel NRK Radio 1991
  • Riddarspranget. Skodespel Fagernes Barneteater 1995
  • Heidendom og heilagtru. Skodespel 750-årsjubileum Ulneskyrkja 1995
  • Satan stemmer sin bassgitar. Noveller. Eide forlag 1998
  • Noko vil koma til å hende. Roman. Eide forlag 2000
  • Gardbergspelet. Skodespel Vestre Slidre ungdomsskule 2002
  • Han ser eg er naken. Roman. Vigmostad og Bjørke 2006
  • Kva er i veien med Steinar Andersen? Ungdomsroman. Commentum forlag 2011
  • Samliv, skamliv. Noveller. Snøfugl forlag 2013
  • Trolig utro. Roman. Snøfugl forlag 2015
  • Kjærleik i aldrings år. Roman. Snøfugl forlag 2018

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Bjørn Karsrud: Reint som gull. Nord-Aurdal Mållag gjennom femti år. Leira i Valdres 2014

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg