Egon

Artikkelstart

Egon er eit mannsnamn. Det er tysk kortform av namn med forleddet Egin- som tyder ‘(sverd)egg’.

Namnet svarer til det nordiske Agne.

Namnedag er 5. november. Egil og Eira har også namnedag denne dagen.

Personar med namnet Egon

Fyrste namneberar

Den fyrste som vart registrert med namnet i Noreg, var fødd 1860 i Tyskland: arkitekt Egon Schmüser, busett i Barbu (Aust-Agder) i 1900. Det er ikkje uventa at den fyrste med det tyske namnet Egon i Noreg var fødd i Tyskland.

Kulturell bruk

  • Egon i filmane om Olsen-banden (1969–1998). Desse filmane appellerer særleg til gutar, men namnet har ikkje fått idolstatus, truleg fordi Egon –19 i motsetning til f.eks. Astrid Lindgrens Emil –19 er namnet på ein eldre mann.

Kjende personar med namnet Egon

Eit utval personar med namnet Egon, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 260 menn (fødde i Noreg) som hadde Egon som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Otterbjörk, Roland 1979: [Svenska förnamn]. Kortfattat namnlexikon. Skrifter utgivna av Svenska språknämnden. Tredje upplagan. Stockholm.

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg