Faktaboks

Edward Lear
Uttale
'li:ə
Fødd
12. mai 1812, Holloway, Middlesex, England
Død
29. januar 1888, Sanremo, Italia
Edward Lear i 1840

Edward Lear var ein engelsk humoristisk forfattar og kunstnar, mest kjent for sine limerick og andre nonsensvers.

Nonsens

Lear sine mest kjente bøker i dag er The Book of Nonsense (1846) og seinare samlingar med Nonsense Songs and Stories, More Nonsense Songs, Nonsense Alphabets og Nonsense Botany. I ettertid har gjerne desse blitt publisert som The Complete Nonsense of Edward Lear.

Dei sprudlande rima, merkelege nyorda og den rytmiske elegansen gjorde Lear populær både då og no, og han hadde stor innverknad på seinare barnebokforfattarar som Roald Dahl.

Multikunstnar

A Book of Nonsense

Lear var like mykje kunstnar som forfattar, og han komponerte også litt, og framførte gjerne eigne songar i sosiale lag.

Kunstnaren Lear starta som fugle-teiknar for vitskaplege publikasjonar, til dømes var ei bok om papegøyer det første han gav ut (1832). Seinare malte han landskapsbilde frå dei mange reisene sine til land som Hellas, Egypt og ikkje minst Italia, der han seiare slo seg ned. Men vi hugsar han mest i dag for illustrasjonane til nonsensversa.

Komponisten Lear laga musikk til nokre av Alfred Tennyson (1809–1892) sine dikt, som han også illustrerte. Lear sette også musikk til eigne vers.

Det lette og det tunge

Lear sleit med helseproblem som epilepsi og depresjon. Han gifta seg aldri, og døydde 75 år gamal i Italia. Den humoristiske figuren og streken blir ikkje mindre slåande når ein kjenner til dei mørkare sidene ved livet hans.

Omsetting til norsk

  • 60 learics i norsk overføring, omsett og utgitt av Ola Strøm, 1988.
  • Komplett nonsens, omsett av Thorstein Bugge Høverstad, 2006.

Les mer i Store norske leksikon

Litteratur

  • Levi, Peter: Edward Lear : A Life, London: Tauris, 2013.
  • Levi, Peter: Edward Lear : a biography, 1995
  • Williams, James, Edward Lear, Liverpool University Press, 2020.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg