Edvard Germanus Johannessen

Faktaboks

Edvard Germanus Johannessen
Født
28. mai 1848, Bergen, Vestland
Død
17. juni 1922

Artikkelstart

Edvard Germanus Johannessen var forretningsmann, bokmann og omsetjar. Nokre av omsetjingane hans av Shakespeare-sonettar har vore rekna mellom dei beste i Norden.

Bakgrunn

Edvard Germanus Johannessen var fødd i Bergen i Hordaland (no Vestland). Slekta var frå Hafslo i Sogn. Han kom tidleg inn i Sundts manufakturforretning i Bergen og var der all sin arbeidsdag, det meste av tida som kontorsjef. Då han slutta i 1916, vart han heidra med riddarkrossen av St. Olavs Orden for allmennyttig verksemd og for innsatsen i firmaet.

Omsetjing

Under pseudonymet Edvard Alme gav han ut fleire omsetjingar: Goethes Hermann og Dorothea (1903), Fyrste Akten or Kaupmannen i Venezia (1905), Ein Flokk Shakespeare-Sonnettor (1918), Byron Kvæde (1920) og «Helsing til ein Diktar-bror» av Robert Burns (1921). Han førebudde utgivinga av Henrik Krohns Skrifter (1909).

Tre av sonetteomsetjingane vart prenta på nytt i eit nordisk utval redigert av Kristian Smidt og gitt ut av Den Norske Bokklubben i 1964. Utvalet skulle omfatte dei Shakespeare-sonettane som var mellom dei beste og mest interessante på originalspråket, og som samtidig var mellom dei beste omsetjingane på nordiske språk.

Andre verv og engasjement

Johannessen var med i Vestmannalaget frå det vart skipa i 1868, var formann 1879–1908 og redigerte Fraa By og Bygd i 1879, den siste årgangen. I eit minneord hevdar Johannes Lavik at dei av vestmennene som nådde djupast målkunne, var Georg Grieg og Edvard G. Johannessen.

Johannessen tok initiativ til opparbeidinga av Nordnesparken i Bergen i 1888–1898. I 1918 vart han heidra med ei bronsebyste i parken, utført av Ambrosia Tønnesen. Han var oppteken av å dyrke jorda og fekk skipa Bergens Myrdyrkingsforening i 1896. Foreininga, som han sjølv stod i brodden for, medverka til oppdyrking av mange myrar i Hordaland.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Johannes Lavik: «Edv. G. Johannessen», Norsk Aarbok. 1922
  • Torleiv Hannaas: «Edv. G. Johannessen», Gula Tidend 15.06.1922
  • «Edv. G. Johannessen», Gula Tidend, 28.05.1918
  • Olav Vevle: «Menneske eg minnest. Edv. G. Johannessen», Norsk Tidend 24.06.1948
  • Hannaas, Clausen, Jerdal: Vestmannalaget i 110 år. Bergen1978
  • Jostein Krokvik: Henrik Krohn. Vestmannalagsreisaren og målreisaren. Bergen2002
  • Kristian Smidt (red.): Sonetter av William Shakespeare. Oslo 1964

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg