Bruk av namnet Edvard Forstørr Forminsk

1900-04 303
1905-09 324
1910-14 302
1915-19 274
1920-24 268
1925-29 186
1930-34 136
1935-39 128
1940-44 100
1945-49 111
1950-54 80
1955-59 75
1960-64 59
1965-69 54
1970-74 59
1975-79 54
1980-84 56
1985-89 47
1990-94 195
1995-99 301
2000-04 315

Kilde: Gulbrand Alhaug, UiT. Folketelling 1865. Statistisk sentralbyrå.

Edvard er eit mannsnamn, ein norsk stavemåte av det engelske Edward som går tilbake til gammalengelsk Ead-weard der det fyrste leddet tyder ‘rikdom’, det siste ‘vaktar, vernar’. Norrøn form av dette innlånte namnet var Játvarðr.

Namnedag er 18. mars etter den engelske kongen Edward, død som martyr i 978.

Andre skrivemåtar er Edward og Edvart. Edvard er mest vanleg, sidan år 1900 har Edvard vore sju gongar meir brukt enn Edward og 13 gongar meir enn Edvart.

Edvard vart tatt i bruk på 1700-talet. Namnet var ein del i bruk tidleg på 1900-talet og kom tilbake på 1990-talet.

Edvard er oftare brukt som det andre fornamnet (52 prosent) enn som det fyrste namnet (48 prosent), til dømes Bjørn Edvard. Også varianten Edward er mest brukt som det andre fornamnet (57 prosent).

Foreslå endringer i tekst

Foreslå bilder til artikkelen

Kommentarer

Har du spørsmål om eller kommentarer til artikkelen?

Kommentaren din vil bli publisert under artikkelen, og fagansvarlig eller redaktør vil svare når de har mulighet.

Du må være logget inn for å kommentere.