Edny kan vere eit nylaga kvinnenamn med Ed- frå til dømes Edith og -ny frå til dømes Dagny. Edny kan også vere kjæleform av Edna.

Fyrste namneberar

Den fyrste som vart registrert med namnet, var Edny Vagle fødd 1897 i Hisøy (Aust-Agder).

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 320 kvinner (fødde i Noreg) som hadde Edny som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg