Edmund Austigard

Faktaboks

Edmund Austigard
Født
18. september 1964, Årdal, Ryfylke

Artikkelstart

Edmund Austigard er ein norsk forfattar og administrerande direktør i Det Norske Samlaget.

Bakgrunn

Han er utdanna diplomøkonom frå Bedriftsøkonomisk Institutt og har i tillegg to mastergradar frå USA i finans, politisk økonomi og marknadsføring. I 2004 gjekk han på Aschehougs forfatterskole. Han har vore direktør i Forlagssentralen (2003–2006) og administrerande direktør i Bokbasen (2007–2011). Frå 2011 er han administrerande direktør i Det Norske Samlaget.

Frå 2019 er Austigard styreleiar i Den Norske Forleggerforening, der han òg har leia ytringsfridomsutvalet (2014–2019).

Forfattarskap

Austigard debuterte i 2005 med romanen Krinsereglane, som fekk svært gode kritikkar, og følgde opp med romanen Taxi for B.A. Beckström – eller kunsten å danse på furu i 2007. I 2011 kom romanen Solskinsbussen, som er ein frittståande oppfølgjar til Krinsereglane.

Krinsereglane er ei av fleire bøker frå 2000-åra der vi ser ei fornying av sjangeren bygdedikting, der kjende tema blir forstørra, parodierte og gjorde til gjenstand for humor. Andre døme på denne retninga er Olaug Nilssens Vi har så korte armar (2002) og Øystein Vidnes’ Bondeforteljingar (2002).

Austigard fekk Sigmund Skard-stipendet i 2008.

Krinsereglane

Handlinga i romanen Krinsereglane er lagd til Årdal i Ryfylke i 1920-åra, med ei rammeforteljing frå 1940-åra. Skildringa av eit lukka bygdesamfunn der det finst strenge reglar for tankar, ord og gjerningar, er her drege ut i det ekstreme, og dermed absurde. Austigard skildrar det nærmast rituelle ved tilværet gjennom mange små detaljar, til dømes reglane for korleis ein skal krinse på kaien når mykje folk er samla for å sjå på rutebåten, eller den rette måten å ete aure på.

Dette samfunnet er svært sårbart for moderniteten som sakte vinn fram. Det finst mange teikn på denne utviklinga, til dømes at det oppstår prisforskjellar på kaffi mellom dei to butikkane på staden. Kan ein stole på noko lenger når kaffiprisen ikkje ligg fast, er det urovekkjande spørsmålet.

Når så den klassiske grensetvisten går mellom to eigedommar på Golandhaugen, er dette nok eit teikn på at hendingane i romanen kan lesast også som ei meir allmenn historie om kunsten å leve i fred med naboen i ei omskifteleg tid.

Taxi for B.A. Beckström – eller kunsten å danse på furu

Austigard følgjer opp kravet om å halde seg til reglar og samfunnsnormer i roman nummer to, Taxi for B.A. Beckström. Den 92 år gamle mannen med yrkesbakgrunn frå Statistisk sentralbyrå uroar seg over at han bryt med statistikken berre ved å leve. Han har nemleg nådd ein alder som ligg langt over gjennomsnittet. Heime blir livet hans styrt av regelen om at ein ikkje må trø spor i furugolvet. Når han i tillegg verken kastar skugge eller lagar fotspor i snøen, skjønar vi at kampen for å vere heilt vanleg og ikkje setje merke etter seg har gått så langt at det stikk motsette skjer. Det absurde frå debutromanen er ført vidare i roman nummer to, men der ei heil bygd fekk spele med i Krinsereglane, er det i Taxi for B.A. Beckström éin person som får stå i sentrum, og som oppfyller konformitetskrava utan press frå ein fellesskap.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg