Eddy Zoltan

Eddy Zoltan sin debutsingel. Debutsingelen kom ut i namnet til tekstforfattaren og gruppemedlemen Manne (Kjøs), men hadde namnet «Eddy Zoltan» med på omslaget. A-sida på den singelen, «Den lille humle», er på bokmål og trygt plassert i danseorkestertradisjonen, medan B-sida «Tjugeni» representerte noko heilt nytt, med tung, bluesbasert progrock med sjølvskrivne, nynorske tekstar.
Eddy Zoltans debutsingel
Av /Eddy Zoltan.
Lisens: CC BY 4.0

Artikkelstart

Eddy Zoltan var eit austnorsk danseorkester som var banebrytande for progressiv rocknynorsk.

Faktaboks

Også kjent som

Eddy Zoltans, Eddy Zoltans orkester, Eddy Zoltan Group

Gruppa Eddy Zoltan byrja å spele saman på Gjøvik i 1971, og dei neste åra turnerte dei og spela til dans mange stader i Noreg. Gruppenamnet, som av og til vart nytta i variantar som «Eddy Zoltans» og «Eddy Zoltans orkester», var henta frå fornamnet til tangentspelaren i gruppa, ungarske Eddy Zoltan Kiss (1945-1992).

Debuten

I 1972 og 1973 gav Eddy Zoltan ut ein serie med singlar på platemerket Fontana. Debutsingelen kom ut i namnet til tekstforfattaren og gruppemedlemen Manne (Kjøs), men hadde namnet «Eddy Zoltan» med på omslaget. A-sida på den singelen, «Den lille humle», er på bokmål og trygt plassert i danseorkestertradisjonen, medan B-sida «Tjugeni» representerte noko heilt nytt. «Tjugeni» var det første dømet på at ei norsk gruppe gav ut tung, bluesbasert progrock med sjølvskrivne, nynorske tekstar.

LP-en Spelemannen

I 1974 gav Eddy Zoltan ut LP-en Spelemannen på plateselskapet Talent. På det tidspunktet var medlemene i gruppa Eddy Zoltan Kiss (tangentar), Manne Kjøs (gitar, bass og song; fødd Johannes Kjøs Baumann, 1945), Olle Johnny Lande (fløyte, bass og song; eks The Zodiacs), Henning Westeng (trommer; eks Ole Ivars) og Øyvind Engen (bass og song). Plata kom i eit påkosta utbrettsomslag med tekstane prenta inni, noko som den gongen var uvanleg nok til at det på eit klistremerke utanpå omslaget vart reklamert med at det her var eit «luksusalbum med tekster». Tekstane på plata var skrivne av Manne Kjøs. Dei tok for seg emne som folketru, miljøvern og bygdeliv, og bortsett frå nyinnspelinga av «Den lille humle» var alle på nynorsk. Musikken henta inspirasjon frå mange ulike kjelder, og på plata finst det innslag av både symfonisk rock, blues, viser, jazzrock og tung progressiv rock.

Oppløysing og sporadiske utgivingar

Spelemannen fekk gode meldingar, og tre av songane var inne på Norsktoppen, men plata selde – etter det gruppa sjølv fortel i avisintervju – ikkje mykje. Året etter plateutgivinga hadde dessutan storparten av medlemene, inkludert tekstforfattar Manne Kjøs, slutta, slik at Eddy Zoltan Kiss stod att som einaste originalmedlem i gruppa. Aktiviteten dabba av, men Eddy Zoltan Kiss heldt fram med å spele og gav gjennom åra ut sporadiske utgivingar saman med ulike gruppekonstellasjonar med ulike namnevariantar. I 1983 kom til dømes LP-en Be My Guest ut under namnet Eddy Zoltan, medan singelen «Eventyr» / «Veslefrikk og eg» kom ut i 1986 under namnet Eddy Zoltan Group.

Eddy Zoltan Kiss døydde av kreft 28. januar 1992.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg