Ea er eit kvinnenamn som kan vere kortform av mange namn som endar på -ea, til dømes Andrea. I dansk kan Ea vere kjæleform av Inger. Ea er namnet på ærfuglen (hofuglen), og nokre foreldre kan ha tenkt på denne fuglen når dei har gitt dottera namnet Ea.

Namnestatistikk

I 2022 var det 337 kvinner i Noreg som hadde Ea som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire. I 2022 var det 15 jenter som fekk namnet Ea.

Utvikling i bruk av namnet

Utvikling i bruk av namnet Ea frå 1880
Utvikling i bruk av namnet Ea frå 1880
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg