Dragseidet er eit eid over Stadlandet i Stad kommune i Vestland fylke. Dragseidet er fem kilometer breitt. Eidet ligg mellom bygda Drage ved Sildegapet på vestsida og Leikanger ved Vanylvsfjorden i aust.

Namnet kjem av at ein tidlegare drog båtane over eidet på lunnar for å unngå det harde havstykket utanfor.

Ved Dragseidet står ein stor steinkross, som vart reist i 1913 til minne om at Olav Tryggvason ifølgje sagaen kristna fire fylke i 997.

Kart

Dragseidet
Dragseidet
Av /Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg