Dido og Aeneas, oppsetjing i 2019
Dido og Aeneas, oppsetjing i 2019
Av /Den norske opera og ballett.

Dido og Aeneas er ein opera i tre akter, skriven av Henry Purcell. Operaen blei første gong framført i 1689, og er såleis blant dei aller eldste operaene som er skrivne på engelsk. Librettoen er skriven av Nahum Tate, etter Vergils epos Aeneiden.

Faktaboks

Uttale
dˈido og aenˈeas

Tragedien

«Dido og Aeneas møtest», måleri frå 1766
«Dido og Aeneas møtest», måleri frå 1766
Av /Tate, London.

Det timelange dramaet tek føre seg den tragiske kjærleikshistoria mellom dronning Dido av Kartago og den trojanske prinsen Aeneas. Den varsame Dido må overtydast av søstera Belinda, som òg er tenaren hennar, om at eit ekteskap med Aeneas vil styrkje forholdet mellom Kartago og Troja. Ho lèt seg omsider overtale av Belinda og godtek frieriet til Aeneas.

Samstundes planlegg ein gjeng med hekser Didos og Kartagos undergang, i forvissing om at Aeneas' avskil vil gjere Dido knust og ute av stand til å leve. Ein alv forkledd som Jupiters sendebod Merkur narrar Aeneas i ein storm forårsaka av trolldommen til heksene.

Prinsen blir lurt til å setje segl for å byggje eit nytt Troja, uvitande om at heksene har lagt mørke planar for han straks han er til havs. Aeneas blir borte for Dido ei stund, til hennar djupaste fortviling. Dei møtest ein siste gong, der ho i vantru avviser han, trass i eidane hans om å trasse ordrane til gudane. Dido syng så svanesongen sin, den berømte arien og passacagliaen When I am laid in Earth, før livet hennar ebbar ut.

Stil

Dido og Aeneas er den einaste reine operaen Henry Purcell skreiv, og er utan noka form for talt dialog. I dette meisterverket finn ein vesentlege likskapstrekk med John Blows Venus og Adonis. Operaen er tydeleg påverka av franskspråkleg opera i dåtida, med dei mange suitesatsane og den resitativdrivne handlinga. Samstundes vitnar dei ikoniske ariane i Dido og Aeneas om innverknad frå den meir lyriske, italienske operastilen. Dido og Aeneas er kompakt orkestrert for eit lite ensemble beståande av firstemmig strykeorkester med generalbass. Dei ni enkeltrollene består av Dido, Aeneas, Belinda, ei tenestejente, ein sjømann, ei ånd og tre hekser. Eit firstemmig kor av hoffmenn, cupidoar, sjømenn og hekser tek også del i handlinga.

Den første oppføringa i Noreg var på Det Nye Teater i 1953, ved hovudrolleinnehavar Kirsten Flagstad. Den tysk-svensken komponisten Joseph Martin Kraus skreiv også ein opera basert på det same eposet i 1799, ved namn Aeneas i Carthago, med libretto av Johan Henric Kellgren.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg