Det juridiske system i Det gamle Egypt er lite kjent for oss. Ei samling rettsdokument frå dei store gravtjuveria, under det nye riket (ca. 1550–1069 fvt.), er dei einaste dokumenta som avslører ei statleg etterforsking. Desse dokumenta inneheld lange og utførlige referat som gjev eit godt inntrykk av korleis ein rettsprosess kunne gå for seg.

Det som har gjeve oss best innblikk i rettsvesenet er derimot kjelder frå den lokale domstolen, kenbet, i Deir el-Medina. Rettsdokumenta vitnar om at dei fleste høyringane var knytt til ei eller anna form for usemje. Det vera seg arvestrid, familiefeidar eller kriminalitet, der det var behov for ein tredjepart til å ta stilling til problemstillinga. Det som var avgjerande var kva tredjeparten avgjorde til å vera akseptert åtferd eller ikkje. Samansettinga av den lokale domstolen ser ut til å ha variert frå gang til gang, men dommarkollegiet utgjorde i dei aller fleste tilfella landsbyen sine øvste borgarar. Det vil seie skrivarar og sjefane i dei ulike arbeidsgruppene. Små fragment frå andre lokalitetar indikerer at eit liknande system eksisterte der også.

Det er ikkje klårt kor vidt kenbet har hatt nokon oppgåver utover det reint høyringsmessige, og slik hadde mynde til å utøve strafferett. Ved høver der staten hadde særskilde interesser kunne representantar frå statsadministrasjonen, utsendt av visiren som øvste juridiske mynde, vera til stades. Likevel, sidan me høyrer lite om dette i kjeldene, er sannsynet stort for at statlege interesser vart teken hand om direkte, utan høyringar. Slik vert skilja mellom administrative avvegingar, rettsleg utøving og tvang, ovanfrå og ned, diffuse og i verste fall umogleg å skilje.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • McDowell, Andrea G., (1990). Jurisdiction in the workmen's community of Deir el-Medîna. Leiden: Nederlands Instituut voor het Nabije Oosten.
  • McDowell, Andrea G., (2001). Village life in Ancient Egypt. 2 ed. New York: Oxford University Press Inc.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg