«Det internasjonale fonetiske alfabetet» skrive med IPA-symbol, tre ulike norske uttalevariantar
«Det internasjonale fonetiske alfabetet» skrive med IPA-symbol, tre ulike norske uttalevariantar
Lisens: CC BY NC SA 3.0

Det internasjonale fonetiske alfabetet er det mest utbreidde lydskriftsystemet for transkripsjon av språklydar. Det er eit fonetisk alfabet som lingvistar og andre bruker for å representera språklydar på ein eintydig måte. Symbola som er brukte i IPA, er stort sett bokstavar frå det latinske og greske alfabetet, eller dei er tilpassingar av dei bokstavane.

Faktaboks

Også kjend som

IPA-alfabetet, IPA-lydskrift, engelsk International Phonetic Alphabet (IPA), fransk Alphabet phonétique international (API), russisk Международный фонетический алфавит (МФА) (Mezjdunarodnyj fonetitsjeskij alfavit (MFA)), spansk Alfabeto Fonético Internacional (AFI), tysk Internationales Phonetisches Alphabet (IPA)

Det internasjonale fonetiske alfabetet vart innført i 1888 av det som nokre år seinare, i 1897, skulle bli Det internasjonale fonetikkforbundet (fransk Association Phonétique Internationale (API), engelsk International Phonetic Association (IPA)). Alfabetet vart utarbeidt av fonetikarane Alexander John Ellis, Daniel Jones, Paul Passy og Henry Sweet.

IPA-alfabetet har eigne symbol for konsonantar, vokalar, diakritiske teikn og prosodiske markeringar, og det skal dekkja alle lydar som er i bruk i minst eitt språk i verda.

Det offisielle IPA-alfabetet har vorte revidert og utvida fleire gonger, og den mest omfattande revisjonen skjedde i 1989 etter IPA-kongressen i Kiel. Det internasjonale fonetikkforbundet er ansvarleg for alle revisjonar og utvidingar og for å definera grunnprinsippa som alfabetet baserer seg på.

IPA-kartet

Heile det internasjonale fonetiske alfabetet er framstilt på IPA-kartet (engelsk IPA Chart). Kartet inneheld seks ulike seksjonar:

  • konsonantar (pulmoniske): produserte med utgåande luftstraum frå lungene
  • konsonantar (ikkje-pulmoniske): produserte med andre fysiologiske mekanismar enn utgåande luftstraum frå lungene
  • vokalar: framstilte i vokalfirkanten
  • andre symbol: meir spesielle symbol som ikkje har plass i konsonanttabellane, blant anna affrikatar og dobbeltartikulasjonar
  • diakritiske teikn: modifiserande symbol som skal setjast saman med grunnsymbola (vokalar eller konsonantar) for å gje fleire detaljar
  • suprasegmentalar: for merking av trykk, lengd og so vidare, og med ein eigen underseksjon for tonar og tonelag (tonem)
IPA-kartet, skrifttype IPA Kiel / LS Uni (serif), 900 pikslar/tomme
Fullstendig IPA-kart

Konsonanttavla (pulmoniske konsonantar)

Klassifiseringa av konsonantane skjer etter tre eigenskapar (éin for fonasjon og to for artikulasjon):

  • stemd eller ustemd: høvesvis med (stemd) eller utan (ustemd) vibrasjon i stemmeleppene (stemmebanda)
  • artikulasjonsstad: det punktet i talekanalen der innsnevringa er størst
  • artikulasjonsmåte: graden av innsnevring mellom artikulatorane

Konvensjonane i konsonanttavla er slik:

  • der symbola står i par, svarar symbolet til venstre til ein ustemd lyd og det til høgre til ein stemd lyd
  • lydar med same artikulasjonsstad står i same kolonne, og artikulasjonsstadene er ordna frå venstre til høgre som i eit menneskehovud vendt mot venstre (leppene lengst til venstre og drøpel og svelg lengt til høgre); den same konvensjonen gjeld òg for vokalfirkanten
  • lydar med same artikulasjonsmåte står i same rad, og artikulasjonsmåtane er ordna med dei største innsnevringane øvst og dei minste nedst (plosivar med fullstendig sperre av talekanalen på toppen og approksimantar med relativt open talekanal på botnen)
Konsonanttavla (pulmonisk), skrifttype IPA Kiel / LS Uni (serif), 1200 pikslar/tomme
IPA-kartet: Konsonanttavla (pulmoniske konsonantar)

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenkjer

Litteratur

  • Abrahamsen, Jardar Eggesbø & Morland, Aleksander (2014). Starthjelp i fonetikk og lingvistikk (4. utgave). Bergen: Fagbokforlaget
  • International Phonetic Association (1999). Handbook of the International Phonetic Association. A guide to the use of the International Phonetic Alphabet. Cambridge: Cambridge University Press

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg