Artikkelstart
Den norske bokbyen er eit titals bruktbokforretningar og antikvariat i Fjærland ved Sognefjorden. I småhus langs strandkanten i Mundal finst det 4000 hyllemeter med bøker. Husa har tidlegare vore ferjeventerom, fjøs, bank, fryseri og postlokale.
Den norske bokbyen i Fjærland vart opna 23. juni 1996 av kulturminister Åse Kleveland. Det var den åttande bokbyen i Europa, den første i Norden. Initiativet kom frå bygdeutvalet i Fjærland, eit samfunn med 300 fastbuande. Drivkreftene var hotelleigar Marit Orheim Mauritzen, landhandlar Barbara Vangsnes og ekteparet Kari og Claus Kvamme.
Statens nærings- og distriktsutviklingsfond gav 350 000 kroner, Balestrand kommune ytte 60 000, og Norsk kulturråd løyvde 550 000 til bokbyen, og det kom mange bokgåver frå skular, bibliotek og privatpersonar.
Kommentarer
Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.
Du må være logget inn for å kommentere.