Den blodige søndagen var ei masseskyting som gjekk føre seg i Derry (Londonderry) i Nord-Irland søndag 30. januar 1972. Britiske soldatar opna eld mot ein borgarrettsmarsj og skaut mot 26 sivile som ikkje var væpna. 14 menneske (13 omgåande og 1 seinare) vart drepne og 16 såra. Demonstrantane vart skotne på av britiske skarpskyttarar som låg på hustaka rundt i Bogside-området i Derry. Mange vart skotne medan dei flykta eller prøvde å hjelpe andre.
Protestmarsjen var organisert av den nordirske borgarrettsrørsla (Northern Ireland Civil Rights Association – NICRA). Det var ein fredeleg protestmarsj, og alle som var skotne mot, var katolikkar og nasjonalistar.
Dei sivile protesterte mot at britiske styresmakter innførte internering (internment), som igjen vart innført av Stormont-regjeringa i Nord-Irland i august 1971. Føremålet var å arrestere og fengsle mistenkte utan lov og dom i den krigsliknande tilstanden Nord-Irland hadde kome inn i i åra etter 1968 då den omlag tretti år lange perioden «The troubles» braut ut. I dei fire åra interneringa varte, vart 342 personar arresterte og fengsla utan lov og dom, mistenkte for å samarbeide med Den irske republikanske hæren (IRA). IRA kjempa mot den britiske staten for ei gjenforeining mellom republikken Irland og britiske Nord-Irland.
Episoden er rekna som ein av dei verste i uroa i Nord-Irland mellom 1968 og 1998, og auka motstanden mot britisk nærvær i provinsen og rekrutteringa til IRA. Den blodige søndagen førte også til at nordirske sjølvstyre på Stormont vart avskaffa, og den britiske regjeringa vedtok å styre provinsen direkte frå London.
Saman med masseskytinga fallskjermjegerane gjennomførte i Ballymurphy (1971) og masseinterneringa frå 1971, øydela Den blodige søndagen og forsøka på å kvitvaske masseskytinga forholdet mellom dei britiske soldatane og nasjonalistane i Nord-Irland så mykje at den britiske hæren aldri greidde å rette dette opp.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.