Den 17de Mai var ei norsk avis på nynorsk som kom ut i Kristiania/Oslo frå 1894 til 1935. Den 17de Mai er det hittil mest vellukka forsøket på å drive ei landsdekkjande dagsavis på nynorsk. Då opplaget var på sitt høgaste, var avisa mellom dei største i landet. Rasmus Steinsvik og Arne Garborg var dei første redaktørane.
Den 17de Mai hadde ein forløpar i Fedraheimen, som kom ut frå 1877 til 1891. Arne Garborg og Rasmus Steinsvik hadde vore redaktørar også i Fedraheimen, Garborg i dei første åra, Steinsvik i dei siste.
Fedraheimen blei med åra meir og meir radikal. Lesarane fall frå, og avisa måtte gå inn. Målfolket hadde likevel ikkje gitt opp draumen om ei riksavis på nynorsk, og i 1893 gjekk Garborg og Steinsvik i spissen for eit nytt forsøk.
Den 17de Mai skulle vere meir moderat og samlande og var eit meir profesjonelt, allment og allsidig blad enn Fedraheimen. Avisa blei då også ein heilt annan suksess hos lesarane. I 1911, då Den 17de Mai stod på sitt høgaste, viste offisielle tal at avisa hadde 13 729 abonnentar. Medrekna laussal hadde ho dermed eit opplag på rundt 15 000. Det var mindre enn Aftenposten og Morgenposten, om lag på nivå med Arbeiderbladet (Social-Demokraten) og Bergens Tidende, men større enn Dagbladet. Den 17de Mai var truleg også den norske avisa som hadde størst geografisk utbreiing.
I 1913 døydde Rasmus Steinsvik. I tida etterpå sleit Den 17de Mai med å halde stillinga, og i 1935 gjekk avisa inn.
Kommentarer (1)
skrev Morten Seip
Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.
Du må være logget inn for å kommentere.