Demografi og samfunnslag i Det gamle Egypt

I Det gamle Egypt var Farao folket og landet sin vernar. Ro, orden og framgong i samfunnet var avhengig av total lydnad ovanfor han. Bakgrunnen for dette var kongen si rolle som bindeledd mellom gudar og menneske. Ikkje berre var han menneska sin talsmann ovanfor gudane, han kunne også påverke gudane sine avgjersler gjennom si eiga guddommelege rolle (Brier and Hobbs 2008, 65).

Likevel, farao kunne ikkje drive statsadministrasjonen aleine. Statsadministrasjonen var organisert i fire hovudbolkar; hoffet, militæret, presteskapet og den sivile administrasjon. Dei fire bolkane var oppdelt hierarkisk, der dei ulike posisjonane ofte gjekk i arv frå far til son. Dette hierarkiet utgjorde ei lang rekkje av autoritet, der farao sine avgjersler måtte gjennom mange ledd før dei nådde sine mål.

Staten vart styrt av ei samansveisa gruppe på eit par hundre personar, den absolutte eliten i samfunnet. Alle var menn, og far til neste elitegenerasjon. Trass i at eliten ikkje var ei lukka gruppe, var det born av denne gruppa som hadde størst sjanse for å nå dei høgste embeta. Kjernen av eliten kan saman med sine familiar ha talt 2000-3000 personar. Forutan den absolutte elite, var kring 5000 fleire lese- og skriveføre personar knytt til statsadministrasjonen gjennom lågare embete (Baines 1991, 132).

Utrekningar gjort av diverse forskarar viser at Det gamle Egypt opplevde ein stabil folkevekst: Sannsynligvis meir enn dobla innbyggjartalet seg, frå kring 850 000 til to millionar, i tidsrommet frå det gamle riket (ca. 2543 - 2120 fvt.) og fram til det nye riket (ca. 1550 - 1069 fvt.). Det vert dessutan hevda at folketalet kan ha nådd fem millionar i løpet av det nye riket (Kemp 1989: 10).

Ved sida av ein konkret folkeauke kan det også sjå ut som at det demografiske tyngdepunktet var i endring: Frå tidlegare konsentrasjon kring sjølve Nildalen, vaks Deltaet etter kvart fram som det demografiske tyngdepunktet (Meskell 2002: 26). Ikkje berre fordi egyptarar flytta dit, men også fordi folk frå Libya og Levanten i all hovudsak slo seg ned der. Såleis vart Deltaet, i perioden frå det midtre riket (ca. 1980 - 1760 fvt.) og viktigare under det nye riket (ca. 1550 - 1069 fvt.) og sein dynastisk tid (722 - 332 fvt.), eit langt meir internasjonalt samt kulturelt variert samfunn samanlikna med resten av Egypt. Øvre Egypt kan såleis seiast å ha hatt ein meir konstant kultur og folketettleik samanlikna med Deltaet. 

Samfunnet var sterkt hierarkisk, og det er gjort forskjellige forsøk på ei oppdeling: 1. kongefamilie, elite, og vanlege menneske (Hollis 1987, 499); 2. hoffet, frie menneske og ufrie menneske. Hoffet bestod av kongefamilien og nokon hundre funksjonærar, som tok seg av administrasjonen rundt konge og stat. Frie menneske (både mann og kvinne) hadde to definerte rettar; dei hadde rørslefridom og kunne inngå kontraktbaserte avtalar med andre frie menneske etter eige ønskje. Kategorien ufrie vert som regel delt i to: tenestefolk og slavar (Brier and Hobbs 2008, 76-81). Det må seiast at kategoriane frie og ufrie menneske er problematiske. Les mer om slavar i Det gamle Egypt.

Trass i at tenestefolk var ”liveigne” som tilhøyrde jordeigedomane dei dyrka (Strauss-Seeber 1997, 383), gjer Papyrus Gurob II.1 det klart at frie menneske i eit avgrensa tidsrom kunne fungere som tenestefolk mot betaling. Såleis ser ein at det å vera tenestefolk likegodt kunne vera eit yrke som ein sosial markør. Det kunne vera tale om arbeid på jorda, i hushaldet, administrasjon, samt ulike former for produksjon.

 

Baines, John, (1991) Society, Morality and Religious Practice. In Religion in ancient Egypt: Gods, Myths, and Personal Practice, edited by B. E. Shafer, xiv, 217 s. Ithaca & London: Cornell University Press.

Brier, Bob, and Hoyt Hobbs, (2008). Daily Life of the Ancient Egyptians. 2 ed. Westport: Greenwood Press.

Hollis, Susan Tower, (1987). Women of Ancient Egypt and the Sky Goddess Nut. The Journal of American Folklore Vol. 100 (No. 398 (Folklore and Feminism)), pp. 496-503.

Kemp, Barry J., (1989). Ancient Egypt: Anatomy of Civilization. 1 ed. London Routhledge.

Meskell, Lynn, (2002). Private life in New Kingdom Egypt. Princeton, N.J.: Princeton University Press.

Strauss-Seeber, Christine, (1997) Nilens gaver - jordbruk i en elveoase. In Egypt: Faraoenes verden, edited by R. Schultz and M. Seidel, Köln: Könemann Verlagsgesellschaft mbH.

Foreslå endringer i tekst

Foreslå bilder til artikkelen

Kommentarer

Har du spørsmål om eller kommentarer til artikkelen?

Kommentaren din vil bli publisert under artikkelen, og fagansvarlig eller redaktør vil svare når de har mulighet.

Du må være logget inn for å kommentere.