Dei nye kapellanane

Artikkelstart

Dei nye kapellanane er eit norsk band der forfattaren Ragnar Hovland er frontfigur. Karakteristisk for Dei nye kapellanane sin musikalske profil er den humoristiske koplinga mellom nynorsk tradisjon og moderne rocke- og populærmusikk.

Gruppa starta som husband i nynorskforlaget Det Norske Samlaget i 1992. Namnet har dei frå Hans E. Kinck si novelle Den nye kapellanen (1897). Dagens besetning er Ragnar Hovland (song, keyboard, munnspel, trekkspel, banjolele med meir), Trygve Åslund (gitar, song), Jørn Chr. Mortensen (gitar, song), Lars Fredrik Beckstrøm (bass, song; deLillos), Arnt Maasø (tangentar, song) og Martin Hystad (trommer).

Dei nye kapellanane spelar på forfattartilskipingar, firmafestar, julebord, bokmesser, pubar, klubbar og studentkroer. Are Kalvø og Arne Hjeltnes har vore gjesteartistar. I 1998 gav gruppa ut singleplata «Anarki i Noreg», med to songar som òg finst i «syng sjølv»-versjon. Tittelsporet er ei fri gjendikting av «Anarchy in the U.K.» (1976) av The Sex Pistols, det andre sporet er «Ivar Aasen og katten hans», som først vart publisert i Ragnar Hovland si diktsamling for barn, Katten til Ivar Aasen møter hunden frå Baskerville (1996). I 1999 kom albumet Living next door to Alice Cooper, med mellom anna «Anne-Britt», som den engelske folkrockgruppa Mungo Jerry gjorde kjend under tittelen «Lady Rose» i 1970-åra.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg