Bilete frå Festspela 2018: konserten til Sigrid Moldestad i uteamfiet i Ivar Aasen-tunet 8. juni 2018
.
Prinsesse Märtha Louise opna dei første festspela 29. august 1992, og ho fekk overrekt blomar av den lokale namnebroren til Ivar Aasen.
.

Festspela er ein nasjonal festival som feirar den nynorske skriftkulturen. Festivalen vert arrangert årleg i Ørsta og Volda.

Faktaboks

Også kjend som

Tidlegare namn: Dei nynorske festspela

Festspela (tidlegare Dei nynorske festspela) vert arrangerte i juni kvart år og er den fremste festivalen for den nynorske skriftkulturen og dei norske dialektane. Dei fleste arrangementa er i Aasen-tunet i Ørsta, men det er også arrangement andre stader i Ørsta og i Volda. Arrangementa spenner frå foredrag og litterære samtalar til konsertar og barneteater. Med åra har talet på arrangement auka, og i 2018 var dei oppe i 70.

Festspela vart første gongen arrangerte i 1992. Ideen oppstod i 1990, men tanken om eit årleg stemne i Åsen vart fremja tidlegare. Tradisjonen med stemne på garden i Åsen går attende til slutten av 1870-åra. 29. august 1992 opna Nynorsk Festspelveke, som det den gongen heitte, på Ørsta-Volda lufthamn. Dei første åra var det ei festspelnemnd som arrangerte festspela, men då Ivar Aasen-tunet vart opna i 2000, var det Nynorsk kultursentrum som overtok.

Festspela har si eiga nettside og gir ut eit eige festspelmagasin. I 2018 hadde Festspela samla inntekter på 2,4 millionar kroner, og om lag 70 medarbeidarar og frivillige var med på å gjennomføre arrangementet. Besøkstalet i 2018 var 7843. I 2020 vart det arrangert digitale festspel på grunn av koronapandemien.

Festspeldiktar

Sidan 1994 har festspela kvart år hatt ein festspeldiktar. Den første var Kjartan Fløgstad, og seinare har nynorskforfattarar som Halldis Moren Vesaas, Jon Fosse og Olaug Nilssen hatt denne rolla.

År Festspeldiktar
1994 Kjartan Fløgstad
1995 Halldis Moren Vesaas
1996 Paal-Helge Haugen
1997 Ragnar Hovland
1998 Jon Fosse
1999 Åse-Marie Nesse
2000 Rune Belsvik
2001 Brit Bildøen
2002 Einar Økland
2003 Marie Takvam
2004 Frode Grytten
2005 Edvard Hoem
2006 Olaug Nilssen
2007 Erna Osland
2008 Lars Amund Vaage
2009 Tove Bakke
2010 Rønnaug Kleiva
2011 Bjørn Sortland
2012 Arne Moslåtten
2013 Lars Petter Sveen, Guri Sørumgård Botheim, Sigrid Sørumgård Botheim
2014 Agnes Ravatn
2015 Gunnhild Øyehaug
2016 Ruth Lillegraven
2017 Lars Mæhle
2018 Marit Eikemo
2019 Carl Frode Tiller
2020 Odd Nordstoga og Stein Versto
2021 Sigmund Løvåsen
2022 Aina Basso
2023 Kari Stai

Prisutdelingar

Sidan 2001 har styret i Nynorsk kultursentrum kåra «Årets nynorskbrukar». Prisen vert utdelt under opningshøgtida på festspela. Også Kulturdepartementet sin nynorskpris til journalistar har vore utdelt under Festspela sidan 2006.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg