Decorah-posten

Artikkelstart

Decorah-posten var ei av dei tre store norskspråklege avisene i USA i tiåra rundt 1900. Dei to andre var Skandinaven og Minneapolis Tidende.

Faktaboks

Uttale
dikˈå:rə-

Decorah-Posten vart starta som vekeavis i småbyen Decorah i Iowa i 1874 av Brynild Anundsen frå Skien. Han hadde presseerfaring frå før og forstod at han måtte halde seg unna religiøse og politiske kontroversar dersom avisa skulle overleve. I det første nummeret av avisa slo han fast, på norsk og engelsk, at Decorah-Posten skulle vere upartisk. Nøytralitet vart avisa sin varige plattform og bidrog til at annonseinntektene strøymde på. Det gjorde også abonnentane, i USA og i Noreg. Sidan skriftspråket var dansk-norsk, fekk avisa også danske tingarar. Sterke redaktørar var med på å gjere avisa omtykt og utbreidd. Det galdt i særleg grad Kristian Prestgard, opphaveleg frå Heidal, som var redaktør frå 1898 til 1945.

For Decorah-Posten var kontakten med lesarane eit sentralt mål. Spørjespalter tok opp likt og ulikt som immigrantane lurte på, og faste spalter med nytt frå Noreg hjelpte dei å halde kontakt med gamlelandet. På det meste hadde avisa 26 korrespondentar i Noreg. Dei rapporterte frå bygd og by, så grundig at mange lesarar i Noreg, vart det sagt, abonnerte på Decorah-Posten for å få med seg nytt frå sine eigne heimtrakter. På underhaldningssidene fekk skriveføre norskamerikanarar sleppe til med litterære bidrag, og i 1918 dukka «Han Ola og han Per» opp, ein teikneserie som heldt ap med immigrantstereotypiar.

I 1920-åra nådde Decorah-Posten ein opplagstopp på 45 000, med dekning frå kyst til kyst. Så byrja lesartala å dale. Decorah-Posten kjøpte opp dei to andre leiande norskamerikanske avisene, Minneapolis Tidende i 1935 og Skandinaven i 1941, og heldt det gåande til 1972.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg