Faktaboks

Offisielt namn
Terres Australes et Antarctiques Françaises
Norsk namn
De franske sørterritorier (bokmål), Dei franske sørterritoria (nynorsk)
Også kjend som

Engelsk French Southern and Antarctic Lands

Hovudstad
Saint Pierre, Réunion (administrativt sete)
Statsform
Fransk oversjøisk territorium
Landareal
7 666 km²
Innbyggjartal
ingen fast busetnad, rundt 300 mellombels stasjonerte
Offisielt/offisielle språk
Fransk
Valuta
Euro
Flagg
Riksvåpen
Dei franske sørterritora, plassering

Dei franske sørterritora (mørkegrønt) ligg sørøst for Afrika (lysegrønt).

Dei franske sørterritora, plassering
Av .
Lisens: CC BY NC 4.0
Plassering av Dei franske sørterritoria med naboland rundt, kart
Dei franske sørterritoria og naboland
Av .
Lisens: CC BY NC 4.0

Dei franske sørterritoria er eit fransk oversjøisk territorium i Indiahavet og Antarktis, som vart oppretta i 1955. Territoriet består av fleire subantartiske vulkanske øyar i den sørlege delen av Indiahavet, ei rekkje omstridde øyar kring Madagaskar og Adélie Land i Antarktis.

Området vart tidlegare administrert frå Paris, men er sidan 2004 administrert frå Saint-Pierre på Réunion. Verksemda i områda er i hovudsak knytt til forskingsstasjonar. Ingen av øyane har fast sivil busetjing.

Geografi

Territorialkrav i Antarktis

Sju land har fremmet territorialkrav i Antarktis: Argentina, Australia (to soner), Chile, Frankrike, New Zealand, Norge (Dronning Maud Land og Peter I Øy) og Storbritannia. Argentinas, Chiles og Storbritannias kravområder er til dels overlappende, mens det ikke foreligger krav i en sektor i Vest-Antarktis (Marie Byrd Land). Ingen av kravene har fått allmenn internasjonal anerkjennelse, og er stilt i bero så lenge Antarktistraktaten er i kraft.

Territorialkrav i Antarktis
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY NC SA 3.0

Dei franske sørterritoria omfattar:

  1. Adelie Land (Terre Adélie), det franske kravet på ein sektor av Antarktis
  2. Crozetøyane (Îles Crozet), ei gruppe i sørlege Indiahavet, sør for Madagaskar
  3. Kerguelen (Archipel des Kerguelen), ei gruppe vulkanøyar i det sørlege Indiahavet, midt mellom Afrika, Antarktis, og Australia
  4. Amsterdam- og Saint-Paul-øyane (Îles Saint Paul et Amsterdam), ei gruppe nord for Kerguelen
  5. «Dei spreidde øyane i Indiahavet» (Îles Éparses), ei gruppe spreidde øyar rundt kysten av Madagaskar.

Frå 2007 inngår ein del mindre øyar i Mosambikkanalen, øyar nord og aust for Madagaskar, Dei spreidde øyane i Indiahavet (Bassas da India, Europaøya, Glorieusesøyene, Juan de Nova og Tromelinøya) som det femte distriktet i Dei franske sørterritoria. Madagaskar gjer krav på fire av øyane, Komorane gjer krav på Glorieusesøyene, og Mauritius gjer krav på Tromelinøya.

Frankrike gjer krav på 200 nautiske mil økonomisk sone rundt kvar av dei små øyane, som i stor grad overlappar med dei økonomiske sonene til nabostatane i området.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg