David Olsson Bakke

Faktaboks

David Olsson Bakke
David O. Bakke
Født
30. april 1857, Ytre Holmedal (no Fjaler), Vestland
Død
25. april 1935, Ytre Holmedal (no Fjaler), Vestland

Artikkelstart

David Olsson Bakke var bonde, målmann, avisredaktør, stortingsrepresentant og lokalhistorikar. Gjennom fleire tiår var han ein av dei fremste radikale bygdepolitikarane på Vestlandet.

David Olsson Bakke vart fødd i Ytre Holmedal (no Fjaler). Han var ordførar i Fjaler 1896–1899 og 1905–1910, og stortingsrepresentant for Venstre frå Nordre Bergenhus amt i 1901–1903 og 1913–1918.

Bakke kom frå ein politisk aktiv heim. Far hans, Ola M. Bakke, hadde vore lærar, stortingsvararepresentant og leiar for den lokale bondevenforeininga. I 1871 tok Bakke til ved Jens Rolvsson sin bondehøgskule i Dale, og tre år seinare var han med og skipa Norskelaget, eit av dei første ungdomslaga i Noreg.

Målsaka var sentral for Bakke. Møta i Norskelaget gav høve til både munnleg og skriftleg øving i nynorsk, og medlemmene var pålagde å arbeide for utbreiing og fasthalding av norske namn på folk, fe og stader. Ei tid var Bakke redaktør for Firda og Sygnafylkets avis i Bergen, den første norske avisa som gjekk over til å skrive berre på nynorsk i 1890. Då han vart ordførar, tok han straks til å føre møteboka på nynorsk.

Som politikar arbeidde Bakke særleg for å få til nye kommunikasjonar og industrietableringar på bygdene. På sine eldre dagar var Bakke med og skipa Sunnfjord Sogelag. Han var sjølv ein aktiv lokalhistorikar og skreiv Fjaler i gamle dagar, som kom ut 13 år etter han døydde.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg