Daniel Helset

Faktaboks

Daniel Helset

Daniel Matias Helset

Født
12. september 1886, Volda, Møre og Romsdal
Død
14. mars 1977, Oslo

Artikkelstart

Daniel Helset var journalist og redaktør i avisa Morgenposten og fleire fagblad. Helset starta og dreiv det første nynorske pressebyrået gjennom meir enn ein mannsalder.

Daniel Helset var fødd i Volda. Han tok studenteksamen i 1909 og studerte ei tid jus, men han kom snart inn på den journalistiske vegen og starta som pressemann i Dagbladet i 1910. Etter å ha skrive ei kort tid for Norig i Skien og Buskeruds Amtstidende i Drammen, gjekk han i 1912 over til Morgenposten, ei upolitisk dagsavis i Oslo som gjekk under tilnamnet «Sværta». Avisa kom ut frå 1861 til 1971 og var tidleg på 1900-talet den største avisa i Noreg. Her var han var sjefredaktør i åra 1946–1953.

I 1919 skipa Helset med støtte av mållag og ungdomslag Norsk Pressekontor, som han dreiv som ei privat verksemd i om lag 40 år. Verksemda fekk seinare namnet Norsk Bladkontor og hadde på det meste seks–sju tilsette. Trass i at han var ein ivrig målmann, skreiv Helset likevel berre på bokmål i dei fleste publikasjonane han redigerte.

Helset var svært interessert i motorisert transport og samferdsel og redigerte gjennom ei årrekkje NRF-Tidende, fagbladet til norsk rutebilnæring, og Motortidende. Han kunne vere reint propagandistisk når han skreiv artiklar om betre vegar og kommunikasjonar. For innsatsen sin fekk han mellom anna NAF si æresplate i gull og Kongens fortenestemedalje i gull, og han vart i 1964 utnemnd til riddar av første klasse av St. Olavs Orden.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Anton Aure og Hans Aarnes: Norskt Bladmannalag gjenom 10 aar – 1913–1923. Dei norske bladi gjenom 65 aar 1858–1923. Biografiar av norske bladmenn. Bjørgvin 1923. Les hos Nasjonalbiblioteket
  • «NRF-Tidendes redaktør gjennom 35 år, Daniel Helset, er død, 90 år». Rutebiltidende nr. 4/1977

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg