Dania er eit kvinnenamn som er avleidd av mannsnamnet Daniel. Dania kan også vere ein variant av Danja som er slavisk kjæleform av Danila laga til Daniela.

Fyrste namneberar

Den fyrste som vart registrert med namnet, var Dania Danielsen fødd 1860 i Stavanger. Far til Dania heitte Nils Danielsen, noko som tyder på at farfaren til Dania heitte Daniel, og at Dania er oppkalling etter farfaren.

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 70 kvinner (fødde i Noreg) som hadde Dania som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg