Faktaboks

Etymologi

Dale er ei dativform av Dal

Også kjend som

Dalekvam - eit nylaga namn som har vore i bruk sidan kommunesammenslåinga i 1964; namnet er samansett av gards- og grendenamna Dale og Kvamme

Innbyggjartal
1144 (SSB, 2023)
Landareal
0,7 km²
Tettstadsnummer
5213 Dale

Dale er ein tettstad i Vaksdal kommune i Vestland. Tettstaden er ifølgje SSBs definisjon 0,7 km², og har 1144 innbyggjarar (2023).

Dale er administrasjonssenter i Vaksdal kommune, og ligg ved munninga av Bergsdalen i Dalseiddalen, ca. 65 km nordaust for Bergen. Her ligg Dale stasjon på Bergensbana, og gjennom tettstaden går E 16 mellom Bergen og Voss.

Tekstilindustrien har lange tradisjonar i Dale; etablert alt i 1879 og er i dag vidareført i Dale of Norway som er den største arbeidsplassen på staden. Aust i tettstaden ligg Dale kraftverk.

Dale fekk i 1896 kapell under sognekyrkja på Bruvik på Osterøy; i 1911 vart Dale eit eige sokn. Utviklinga av staden gjorde ein ein trong større kyrkje, og i 1956 vart den nye langkyrkje i mur, teikna av Arnstein Arneberg, teken i bruk.

Lokalavisen VaksdalPosten kjem ut i Dale.

Kart

Dale
Dale
Av /Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg