Dagrun Eriksen

Faktaboks

Dagrun Eriksen
Dagrun Jofrid Eriksen
Født
28. juni 1971, Kristiansand
Stortinget.

Artikkelstart

Dagrun Eriksen er tidlegare stortingsrepresentant for Kristeleg Folkeparti frå Vest-Agder i 1997—2013 og nestleiar i partiet i perioden 2004-2017.

Bakgrunn

Dagrun Jofrid Eriksen er fødd i Kristiansand i Vest-Agder (no Agder). Ho gjekk på Vågsbygd videregående skole i 1987–1990 og tok grunnfag i kristendom ved Høgskolen i Agder (no Universitetet i Agder) i 1990–1991. Ho har arbeidd i Grim menighet (1990–1991), og som barnehageassistent, lærarvikar og assistent (1993–1997). I 2018 blei ho marknads- og kommunikasjonssjef i helseteknologiselskapet ContinYou i Rogaland.

Politisk karriere

Eriksen var medlem av Kristiansand bystyre for Kristeleg Folkeparti i 1995–1997 og 2000–2001. I 1997–2000 var ho medlem av KrFs forsvarspolitiske utval, og i 2001–2003 var ho 1. vararepresentant til sentralstyret i KrF før ho blei styremedlem i 2003–2004. Frå 2004 var ho medlem av KrFs kvinners landsstyre og var 1. nestleiar i partiet fram til 2017.

Eriksen var formelt vararepresentant til Stortinget frå Vest-Agder 1997–2001 og 2005–2009, og møtte fast for statsråd Jon Lilletun i periodane 1997-2000. Ho rykka opp som representant etter Lilletun sin død og hadde i tillegg fast plass på Stortinget i periodane 2001–2005 og 2009–2013. Ho var nestleiar i Kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen på Stortinget i 2006-2013. Eriksen fekk ikkje plass som kandidat frå Vest-Agder ved valet i 2013.

Hjartesakene hennar er familiepolitikk og skulepolitikk. Då Eriksen var leiar av strategiutvalet i Kristeleg Folkeparti i 2010 føreslo ho å fjerne trusvedkjenningskravet for tillitsvalde i partiet. I 2017 var ho førstekandidat for Nordland KrF, men blei ikkje vald inn på Stortinget ved stortingsvalet i 2017. I 2020 melde ho seg ut av partiet og melde overgang til det nye partiet Sentrum.

Andre verv

Ho var har vore meddommar i Agder lagmannsrett sidan 1995, var medlem av skulestyret ved Sjøstrand skole 2000–2001 og har vore medlem av rådet i Strømmestiftelsen og landsstyret i Blå Kors. Ho har òg vore styreleiar i Arkivet i Kristiansand.

Les mer i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg