Faktaboks

Dagmar Lahlum
Fødd
10. mars 1923, Sørumsand
Død
28. desember 1999, Oslo
Familie

Foreldre: Karl Lahlum (1871–1954) og Marthe Olsen (født 1888)

Dagmar Lahlum
Portrett av Dagmar Lahlum. Ho var norsk dobbeltagent under andre verdskrig.
Av /MI5 - UK National Archive declassified.

Dagmar Lahlum var ein norsk dobbeltagent under andre verdskrig. Lahlum vart verva av kjærasten, dobbeltagenten Eddie Chapman, til arbeid for britisk etterretningsvesen i 1943. Lahlum skulle skaffe informasjon frå tyskarane, og deltok også på oppdrag saman med Chapman.

Etter krigen fekk Lahlum eit førelegg for landssvik, da historia om dobbeltagentverksemda hennar ikkje kom fram før etter at ho var død.

Bakgrunn

Eddie Chapman
Eddie Chapman var dobbeltagent under andre verdskrig, og verva Dagmar Lahlum til arbeid for britisk etterretningsvesen MI5 i 1943. Foto: MI5 16 desember 1942.

Dagmar Lahlum vaks opp i Eidsvoll. Ho kom frå ein typisk arbeidarklasseheim der faren var skomakar. I 1940 reiste Lahlum jamleg til Oslo, der ho etter kvart fekk seg jobb på eit hotell. I 1942 flytta ho til Oslo for godt.

Verva som agent

I april 1943 møtte Lahlum den britiske dobbeltagenten Eddie Chapman på restaurant Ritz i Oslo. Chapman sat fengsla på Jersey då tyskarane okkuperte øya i 1940. For å komme ut av fengsel let han seg verve til tysk etterretningsteneste, men etter å ha blitt sendt til England på oppdrag meldte han seg til teneste for det britiske etterretningsvesenet MI5. Han fekk kodenamnet «Zigzag» og vart send tilbake til tyskarane, som så sende han til Noreg for å trene opp tyske agentar.

Lahlum og Chapman innleia raskt eit romantisk forhold. Etter kvart fortalde Chapman ho om dobbeltagentrolla si, og verva ho som dobbeltagent. Lahlum blei oppfordra til å halde seg saman med medlemer av Abwehr (etterretningstenesta til den tyske militære overkommandoen) for å prøve å få ut informasjon frå dei. Ho deltok også saman med Chapman på oppdrag der dei fotograferte potensielt viktige stader for britane. Lahlum skal ha hatt kontaktar i den norske heimefronten før ho møtte Chapman, men om ho var ein aktiv deltakar, er meir uklårt.

I april 1944 blei Chapman send til Tyskland. Før han reiste, gav han Lahlum i oppdrag å halde fram kontakten med medlemer av tysk Abwehr. Kort tid etter at Chapman reiste, søkte Lahlum jobb hos tyskarane i postsensuren, der ho byrja å sensurere brev frå Sverige til Noreg. Ho heldt fram i denne jobben til okkupasjonen av Noreg var over.

Fengsla for landssvik

Den 19. mai 1945 vart Lahlum arrestert heime i leilegheita si i Tullinsgate 4 i Oslo, og ført til Bredtveit fengsel. Ein månad seinare blei ho teken inn til avhøyr. Ho fortalde i avhøyret om forholdet til Chapman, og arbeidet hans som dobbeltagent for britane. Lahlum fortalde også at dei to hadde blitt einige om at ho skulle ta seg arbeid hos tyskarane dersom ho såg seg nøydd til det, for å hindre å bli sendt på arbeidsteneste.

Lahlum fortalde ikkje noko om si eiga rolle i britisk etterretningsteneste, men understreka at ho ikkje var tysk eller NS-innstilt. Til slutt ba ho om å få kontakt med det engelske politiet. Lahlum blei sett i kontakt med det engelske politiet, men dei nekta å ta imot ho.

I forhøyrsretten nokre dagar seinare blei det fatta vedtak om brot på landssvikanordninga. Ho vart sett vidare i varetekt fram til 24. november same år. Dette var ein månad lenger enn vedtaket i forhøyrsretten sa var maksimal tid. Ho vedtok i 1947 eit førelegg på fengsel i 189 dagar, som tilsvara den tida ho hadde sete i varetekt, i tillegg til tap av stemmerett og rett til å gjere teneste i landforsvaret i ti år. Grunngjevinga for landssvikstraffa var arbeidet i tysk Sipo på slutten av krigen.

Etter krigen

Lahlum var gift ei kort stund på 1950-talet, men fekk aldri barn. Heime på Eidsvoll var ho kjent som tyskarjente på grunn av forholdet til Chapman. Ho flytta aldri tilbake til Eidsvoll, men etter nokre år med jobb på eit cruiseskip blei ho buande i Oslo resten av livet. Lahlum hadde fleire ulike småjobbar før ho vart bokhaldar på Sørfang reklamebyrå i 1958. Der blei ho verande resten av yrkeskarrieren.

Lahlum ville aldri ha noko snakk om krigen i nærleiken av seg, og ho fortalde aldri nokon om dobbeltagentrolla si eller om Chapman. Heilt på slutten av livet skal ho likevel ha fått kontakt med Chapman igjen. Dei brevveksla i ein periode før Lahlum reiste til England i 1997 og møtte han. Begge var då sterkt svekka av sjukdom og alderdom. Nokre få månadar etter besøket døydde Chapman, og i romjula 1999 døydde også Lahlum. Ho vart funnen død i leilegheita si 28. desember 1999.

Lahlum var ei av fleire motstandskvinner som aldri fortalde noko om innsatsen sin i motstandskampen under andre verdskrigen. I tillegg til dette måtte Dagmar Lahlum leve resten av livet sitt med stempel som landssvikar og tyskarjente, utan at ho nokon gong gjorde forsøk på å rette opp dette inntrykket. Først i 2007 kom historia hennar fram då det vart skrive to britiske biografiar om Chapman der også Lahlum si rolle vart omtala.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Booth, Nicholas 2007. Zigzag. The Incredible Wartime Exploits of Double Agent Eddie Chapman. London: Portrait.
  • Hatledal, Kristin 2009. Krigsheltinne eller tyskarjente? Historia om Dagmar Lahlum – i lys av andre etterretningskvinner. Masteroppgåve i historie, Universitetet i Oslo.
  • Hatledal, Kristin 2011. Kvinnekamp. Historia om norske motstandskvinner. Oslo: Det Norske Samlaget.
  • Pryser, Tore 2007. Kvinner i hemmelige tjenester. Etterretning i Norden under den annen verdenskrig. Oslo: Cappelen.
  • Macintyre, Ben 2007. Agent Zigzag: The True Wartime Story of Eddie Chapman: lover, betrayer, hero, spy. London: Bloomsbury.

Faktaboks

Dagmar Lahlum
Historisk befolkingsregister-ID
pa00000000330943

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg