Dagfrid er eit nylaga kvinnenamn (1880). Forleddet Dag- kan stamme frå til dømes Dagny. Etterleddet -frid finst i mange namn.

Namnedag er 2. januar. Dagfinn har også namnedag denne dagen.

Fyrste namneberar

Den fyrste som vart registrert med namnet, var Dagfrid Bergljot Sæther fødd 1880 i Kristiania.

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 330 kvinner (fødde i Noreg) som hadde Dagfrid som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg