Dagbladet Rogaland i Stavanger skulle vere bladet for landbruket og bygdene. Avisa nådde likevel aldri opp i konkurransen med Stavanger Aftenblad, heller ikkje i Distrikts-Rogaland. Ein vidare profil kombinert med redaksjonelt samarbeid med Nationen, var ikkje nok til å berge avisa.

Det tok sju år frå bøndene, dei frilynte ungdomslaga og målfolket på Jæren skrapa saman pengar til ei 16-siders avispresse og to setjemaskinar, til Dagbladet Rogaland i 1925 endeleg kunne tre inn i rolla som talerøyr for «bygdesynet i alle spursmål». Som eit kompromiss blei kravet om at den nye bondeavisa skulle vere eit reint målblad, fråfalle. Dagbladet Rogaland skulle «verta styrt på norsk mål, men ... ha faste medarbeidarar på riksmål». Etter kvart blei målbruken liberalisert, med bokmål og nynorsk om kvarandre.

Avisa, som etter kvart erklærte seg som eit organ for Bondepartiet «så langt det måtte passe oss», hadde mykje å seie for rogalandsbøndene og sjølvrespekten deira. Dei hadde si eiga avis som ikkje snakka byfolket si sak. Sjølv om Stavanger Aftenblad voks seg fram til å bli «blae» også i Ryfylke og på Jæren, var Dagbladet Rogaland i 1947 oppe i 8000 i opplag. Men avisa hadde stor gjeld og hadde ikkje krefter til å ta opp konkurransen. Sjølv ikkje EF-sigeren i 1972 gav ny giv. Einar Ådland, som var redaktør frå 1974 til 1976, klaga over at «lesarkrinsen i liten grad var open for nye tankar» og ikkje hadde særleg sans for dei grøne tankane som redaktøren ville fremje også i lokale saker.

Utover i 1960-åra minka opplaget. Dei to Høgre-avisene i fylket gjekk inn, og det stod dårleg til også i Dagbladet Rogalands lokale på Holmen i sentrum av Stavanger. Løysinga blei eit samarbeid med Nationen både om stoff og annonsar frå 1965 – det første i sitt slag i landet. Nationen leverte både artiklar og heile sider med sport, kultur, politikk, landbruksstoff og utanriks, medan den etter kvart minimale redaksjonen i Stavanger laga lokalt bygdestoff.

Det var ikkje lett å forsvare jordvern i Stavanger i 1970-åra, der Høgre styrte og den nye oljeindustrien trong plass til basar og bustader. Konflikten med Høgre lokalt førte til at Dagbladet Rogaland også blei svært skeptisk til forsøka på borgarleg samling nasjonalt.

Jørund Ubøe Soma blei redaktør i 1976. Han prøvde å gjere avisa brei, ho skulle ikkje berre vere ei dagsavis for bygdene, men også eit vindauge mot byen «og den verden som ligger utenfor». Likevel gjekk opplaget ned, og det siste nummeret kom i oktober 1988. Då Ubøe Soma forlét avisa våren 1988, skulda han landbruksorganisasjonane for å annonsere alle andre stader enn i bøndene si eiga avis – til og med i A-presseorganet Rogalands Avis!

Opplag

År Opplag
1932 5000
1950 6500
1961 6993
1965 5164
1974 3111
1987 3329

Fakta

  • Første nr. 2.4.1925.

Les mer i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg