Dag og Tid er den einaste riksdekkjande avisa på nynorsk. Dag og Tid er ei vekeavis og blir gjeve ut i Oslo. Avisa vart grunnlagd i 1962, med det første ordinære nummeret året etter.
Dag og Tid inneheld særleg kommentarar og debattstoff innan mellom anna kultur og politikk. Ho er partipolitisk ubunden, men med ein klår motstraums og radikal profil.
Avisa fekk Fritt Ords pris i 2017 med grunngjevinga at dei skapar «grundig og seriøs journalistikk som tek heile Noreg alvorleg, set sine eigne dagsordenar og er eit raust rom for særs ulike røyster».
Kommentarer
Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.
Du må være logget inn for å kommentere.