Columbia

Columbia. Etter en 16 dagers forskningsferd i 2003, tok romfergen fyr og falt fra hverandre da den var på vei mot landing i Florida. Hele mannskapet på sju omkom.

Av /NTB Scanpix ※.

Columbia var ei amerikansk romferje. Columbia var den første av NASA sine fem romferjer som kom i bane rundt jorda. 

Faktaboks

Uttale
kəlˈʌmbiə

Romferd

Columbia blei levert frå Rockwell International (no The Boeing Company), Palmdale i California, USA, i mars 1979. Columbia blei brukt ved ei rekkje romferder, først i eit prøveprogram på fire oppdrag, der jomfruturen frå Kennedy Space Center skjedde 12. april 1981. Etter den første oppskytinga krinsa Columbia kring jorda 36 gonger og landa på rullebana ved Edwards Air Force Base i California 14. april 1981. I alt gjennomførte Columbia 4808 jordomløp.

Ulukka

Columbia hadde 27 vellykka tokter med mellom anna åtte utplasseringar av satellittar før romferja på si 28. ferd 1. februar 2003 katastrofalt braut saman i tilbakevendingsfasen over Texas og Louisiana etter ei 16 dagars forskingsferd. Heile mannskapet på sju, seks amerikanske astronautar og den israelske flyvåpenobersten Ilan Ramon (første israelar i verdsrommet), omkom.

Columbia var på veg mot landing ved Kennedy Space Center i Florida, og vart rive opp 61 kilometer over det austlege Texas. Farten var 18,1 gongar lydens hastigheit. Mannskapet hadde ikkje moglegheit for å overleve, og vrakdelar vart spreidd frå Texas inn i Louisiana. Omkring 4500 menneske hadde fram til slutten av mars funne bortimot 46 000 delar som til saman vog 24,5 tonn og utgjorde om lag 24 prosent av Columbias tørrvekt på 101 tonn.

Ein granskingskommisjon kom fram til at den direkte tekniske årsaka til samanbrotet var ein skumplastbit på 0,8 kg som hadde losna frå isolasjonsbelegget på den utvendige drivstofftanken og slått hol i venstre vingeforkant under oppskytinga. Frå film- og videoopptak visste NASA at ferja var treft, men romferjeleiinga trudde ikkje at biten skulle gi nokon skade.

Holet førte til at svært varm luft smelta seg veg inn i aluminiumsstrukturen i venstre venge. Luftmotstanden i tilbakevendingsfasen førte til tap av styring og vengesvikt, og romferja blei riven i bitar av dei enorme kreftene. Columbia-ulykka var eit alvorleg tilbakeslag for amerikansk romfart, og var den største innan bemanna romfart sidan Challenger-eksplosjonen i 1986.

Namn

Romferja har fått namn etter den amerikanske sluppen Columbia Rediviva, som frå 1787 til 1793 utforska det nordvestlege Stillehavet under kaptein Robert Gray. Sluppen blei det første amerikanske fartøyet som gjennomførte ei jordomsegling. Også Jules Verne si berømte bok «Reisa til månen» frå 1865 omtaler eit «historisk bemanna» kanonskot mot månen frå Florida, med namnet Columbiad. Komando-modulen på Apollo 11 ved den første månelandinga i 1969 bar òg namnet Columbia.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg