Coloradopartiets emblem
.
Lisens: fri

Coloradopartiet er eit politisk parti i Paraguay som er konservativt og nasjonalistisk orientert. Partiet sitt eigentlege namn er Asociación Nacional Republicana(ANR), men til dagleg er det Partido Colorado (Coloradopartiet på norsk) som blir brukt. Partiet blei grunnlagd av Bernardino Caballero 11. september 1887, under det opphavelege namnet Partido Nacional Republicano.

Coloradopartiet hadde makta i Paraguay i periodane 1887–1904 og 1946–2008. Under Alfredo Stroessner sitt diktatur (1954–1989) utgjorde Coloradopartiet og militæret grunnmuren i regimet. I perioden 1947–1962 var partiet det einaste lovlege i Paraguay. Då Fernando Lugo vann presidentvalget i 2008, hadde Coloradopartiet hatt makta samanhengande i 61 år. Partiet fekk tilbake makta i 2013, då kandidaten deira, Horacio Cartes, vann presidentvalget.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg