Claus Frimann var ein prest og diktar som skreiv populære folkelege dikt og viser med eit klart folkeopplysningspreg. Den folkekjære diktarpresten var òg ein dugande forretningsmann, med sterk økonomisk sans.
Claus Frimann voks opp i Selje i Nordfjord, der faren var sokneprest. Han blei student i 1762 og tok teologisk embetseksamen i 1768. I studietida var han huslærar hos presten Jørgen Meldal i Fana. Han blei assistent hos presten Hans Strøm i Volda i 1769 og var personalkapellan hos han i 1771–79. Han blei utnemnd til sokneprest i Davik Nordfjord i 1780 og tok avskil i 1822, etter meir enn 40 år i embetet. Frå 1800 var han òg prost i Nordfjord.
Frimann braut igjennom som diktar med diktet Fieldet Horneelen i Norge (1776). I ein konkurranse som Selskabet til de skiønne og nyttige Videnskabers Forfremmelse lyste ut, vann diktet førsteprisen i sjangeren «malende eller beskrivende Poesi». Han skildrar Hornelens «Skræksomhet» og samstundes korleis fjellet var eit landemerke for fiskarane og eit sentrum for dagleglivet til menneska som budde i distriktet. Den konkrete skildringa som pregar diktet, blei seinare karakteristisk for diktinga hans. Prestegjerninga og diktinga gjekk hand i hand hos diktarpresten Frimann. Han interesserte seg for folkeopplysning, og forfattarskapen hans var prega av det.
Kommentarer
Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.
Du må være logget inn for å kommentere.